Feiltreff - overlagt drap

20.06.2000, Sak nr. 2000/332, straffesak, anke

Straffeloven § 233

Den offentlige påtalemyndighet (Statsadvokat Olav Helge Thue) mot A (Advokat John Christian Elden)

Dommere: Frisak, Matningsdal, Coward, Oftedal Broch, Gjølstad

A blei i lagmannsretten domfelt for brot på straffeloven § 233 første og andre ledd og einskilde andre forhold til fengsel i 16 år. Han anka til Høgsterett over lovbruken og straffutmålinga. Han gjorde gjeldande at han ikkje kunne dømmas for overlagt drap på ein person når overlegget retta seg mot ein annan enn han som blei drepen.

Høgsterett fann samrøystes at anken måtte forkastas. Eit mindretal på to dommarar hadde likevel eit anna syn enn fleirtalet på korleis feiltreff blir handsama. Det går ikkje klart fram frå spørsmålsstillinga til lagretten og det som er protokollert av rettsutgreiinga, om lagretten har lagt til grunn at domfeltes overlegg direkte var knytt til at nokon - ein eller annan - kom til å bli drepen når domfelte avfyrte to skot inn i diskoteket. Høgsterett la til grunn at det i så fall ikke er tvilsamt at lovbruken - domfelling for overlagt drap - er korrekt. Ut frå skildringa til lagmannsretten av hendingsgangen samanhalde med rettsutgreiinga, fann Høgsterett det meir nærliggjande at lagrettens svar må tolkas slik at planlegginga gjekk på å skyte mot ein av vaktane. Da istaden ein av gjestene blei drepen, låg ein feiltreff-situasjon føre, overlegget femna ikkje om drap på ein av gjestene inne i lokalet. Men Høgsterett fann det ikkje naudsynt å ta stilling til korleis lagrettens svar skal forstås, da lovbruken ikkje i noko tilfelle var feil, og straffutmålinga blei heller ikkje påverka. Det blei vist til at feiltreff i teori og rettspraksis har blitt bedømt ulikt. Fleirtalet fann at ei logisk tilnærming til feiltreff vil vere ei oppdeling av handlinga som i Rt. 1950 side 2: Forsøk på overlagt drap andsynes den personen som overlegget galdt, og fullført drap - med vilje eller aktlaust - andsynes den som faktisk blir råka. Dette fører til at både den som overlegget omfatta, og den drepne, vil vere å rekne som fornærma, noko som vil vere ein føremon. På den andre sida vert strafferamma utvida på grunn av den valde tilnærmingsmåten, mens straffverdigheita ikkje kan reknas som påverka av feiltreffet. Ut frå reelle forhold kan mykje tale for å handsame feiltreff-tilfella likt med personforveksling, der ein annan blir råka enn den gjerningspersonen har tenkt. Det synes å vere breid semje om at personforveksling ikke innverkar på den strafferettslege vurderinga av drapet. Fleirtalet fann at kva for tilnærmingsmåte som vert vald for feiltreff-tilfella, kan avhenge av de nærare omstenda. I dette tilfellet, der overlegget i mindre grad synes å ha vore konsentrert om ein person - A ville ifølgje lagmannsretten skyte "vaktene" - hadde fleirtalet inga innvending mot den lovbruken lagmannsretten har nytta. Mindretalet la til grunn at korleis feiltreff bør handsamas, må ta utgangspunkt i kva for løysing som best ivaretek dei materielle og prosessuelle omsyna som gjer seg gjeldande. Materielt sett er det ein skilnad mellom feiltreff og personforveksling som kan tilseie at dei to tilfella blir handsama ulikt: Ved eit drap, som vi står overfor i denne saka, er det rett nok tale om strafferettsleg likeverdige moment anten A eller B blir drepen. Men ved personforveksling vert berre ein person krenkt, mens eit feiltreff krenkjer to. På bakgrunn av ei totalvurdering har mindretalet komme til at dei beste grunnane talar for at ein ved feiltreff handsamar handlinga som to brotsverk - dels eit forsøk,

Til toppen