Nabostrid

13.04.2000, Sivilsak nr. 255/1999, lnr. 18B/2000

Hevdslova § 4 første ledd andre punktum

Betzy Kjelsberg (Advokat Kristin Bjella) mot Sameiet Løvenskiold-Ullern (Advokat Gunnar Rohr Torp)

Dommere: Utgård, Flock, Lund, Aarbakke, Holmøy

Kjelsberg eig ein villaeigedom der gjerdet har vore plassert eit stykke inne på granneeigedommen sidan først på 1930-talet. Saka gjaldt om ho, eller hennar rettsforgjengar, ved hevd eller ekstinktivt erverv hadde fått eigedomsrett til den delen av granneeigedommen som hadde vore innafor hagegjerdet.

Kjelsbergs rettsforgjengar kjøpte i 1948 ein villaeigedom med ei romsleg tomt (2 767,6 m2) som var gjerda inn med eit flettverksgjerde. Gjerdet viste seg å stå 10 meter for langt mot aust, slik at gjerdelengdene i sør og i nord var 10 meter lengre enn det dei skulle vere etter skylddelingsforretning og målebrev. Det var ikkje faste grensemerke i marka, slik kravet var etter skylddelingslova § 3. Tomta var gjerda inn med flettverksgjerde, noko som innebar at tvistearealet var gjort til ein del av villatomta. Kravet til å ha eigedommen som sin eigen var då oppfylt, jf. hevdslova § 2. Rettsforgjengaren må i 1948 ha rekna med at han kjøpte tomta slik ho var gjerda inn, noko som ville vere i samsvar med ei vanleg oppfatning hos dei som kjøper ein villaeigedom. Det kunne ikkje sjåast i marka at gjerdet ikkje sto i samsvar med skylddelingsforretning og målebrev. Spørsmålet var så om vedkomande var i aktsam god tru, jf. hevdslova § 4 første ledd andre punktum. Høgsterett la til grunn at det ikkje kan setjast opp noko krav om at ein kjøpar må kontrollmåle grensene i marka mot skylddelingsforretning eller målebrev, med mindre det kjem til særlege omstende som gir kjøparen grunn til å ha mistanke om at gjerdet er plassert feil. Rettsforgjengaren i 1949 var med på ei delingsforretning til ein tilleggsparsell, og at han der vart kjend med eller i alle høve burde vere kjend med det rette tilhøvet. Han kunne då ikkje lenger hevde. Konkret vurdering. Høgsterett drøfta spørsmålet om ekstinktivt erverv utanom reglane i hevdslova (jf. Rt. 1992 side 352), men kom til at dette ikkje hadde skjedd.

Til toppen