Personskadeerstatning etter biluhell

27.03.2000, Sivilsak nr. 336/1998, lnr. 22/2000

Skadeserstatningsloven §§ 3-1 og 3-2

Storebrand Skadeforsikring AS (Advokat Wenche Flavik) mot Anne-Lise Kåsa (Advokat Erik Johnsrud)

Dommere: Coward, Utgård, Oftedal Broch, Bugge, Holmøy

Ved eit biluhell i 1989 fekk Anne-Lise Kåsa ein mindre skade i hovudet og ein blautdelsskade i nakken, og ho har etter uhellet hatt store smerteplager. Storebrand Skadeforsikring AS vedgjekk ansvar for uhellet, men det blei ikkje semje om erstatningsutmålinga.

I byretten blei ho tildømd i alt vel 880 000 kroner, i lagmannsretten vel 1,6 millionar kroner med tillegg av renter. Storebrand anka til Høgsterett for ein del postar, mens Anne-Lise Kåsa anka mot for andre postar. I Høgsterett førte anken langt på veg fram, mens motanken ikkje fekk medhald. Medrekna summen som var rettskraftig fastsett av lagmannsretten, blei erstatninga vel 800 000 kroner; i tillegg kom passasjerulykkesforsikring med 60 000 kroner pluss renter. Hovudspørsmåla for Høgsterett galdt fastsettinga av meinerstatning og erstatning for redusert evne til å utføre arbeid i heimen. Ved fastsetjinga av meinerstatninga bygde Høgsterett på overslaget til den rettsoppnemnde sakkunnige om kva for medisinsk invaliditet som biluhellet var skuld i. Høgsterett uttalte vidare at det er behov for standardiserte reglar om meinerstatninga, og fann her ikkje grunnlag for noko nemneverdig skjønnsmessig tillegg til det som følgjer av den matematiske utrekninga som etter rettspraksis er utgangspunktet for meinerstatninga etter skadeserstatningsloven § 3-2. Storebrand gjorde som eit generelt synspunkt gjeldande at redusert evne til å utføre arbeid i heimen går inn i ervervstapet, og ikkje kan erstattas i tillegg til tap av evne til å utføre lønt arbeid i full stilling. Høgsterett var ikkje einig i det siste, som retten ikkje fann støtte for i ordlyden i skadeserstatningsloven § 3-1, i rettspraksis eller i juridisk teori. Ved den konkrete berekninga av Anne-Lise Kåsas tap blei det blant anna uttalt at eit timerekneskap som var sett opp frå hennar side, bygde på ein standard for arbeid i heimen som ligg høgt over det som det er rimeleg å gi erstatningsmessig dekning for.

Til toppen