Utleggsforretning - ubetalt skatt

27.03.2000, Kjæremålssak jnr. 337/1999, lnr. 21/2000

Skattebetalingsloven § 48 nr. 5 tredje punktum

Sandvedbygget AS (Advokat Geir Jøsendal) mot Staten v/kemneren i Sandnes (Regjeringsadvokaten v/advokat Ola Haugen)

Dommere: Stang Lund, Tjomsland, Bugge, Lund, Holmøy

Kemneren i Sandnes heldt i januar 1999 utleggsforretning i eigedommar som høyrde til Sandvedbygget AS for ubetalt skatt. Sandvedbygget klagde utleggsforretninga til namsretten og kravde saka overført i søksmåls former med påstand om at utleggsforretninga skulle opphevas.

Staten opplyste i tilsvaret at det ikkje var naudsynt å oppretthalde utlegget fordi staten hadde god nok utleggspant i annan fast eigedom som høyrde til Sandvedbygget, og la ned samanfallande påstand. Namsretten oppheva utleggsforretninga. Denne avgjerda blei etter kjæremål frå skattytar stadfesta av lagmannsretten Sandvedbygget kjærte over lagmannsretten si tolking av skattebetalingsloven § 48 nr. 5 tredje punktum. Kjæremålsutvalet viste kjæremålet til behandling i avdeling. Høgsterett fann at den særskilde fristen for å få prøvd ei likningsavgjerd under fullendinga i medhald av skattebetalingsloven § 48 nr. 5 tredje punktum berre gjeld som eit ledd i forsvaret mot innkreving av skattekravet. Dersom tvangspåbodet vert fråfalle, kan ikkje skattytaren krevje å få påbodet og grunnlaget for dette prøvd av namsretten. Dette må også gjelde i dei tilfelle skattytar har bede om at saka saka blir overført i søksmåls former, og lagt ned påstand om at likninga må opphevas, før tvangspåbodet vert fråfalle. Kjæremålet blei etter dette forkasta.

Til toppen