Vald og truslar - Straffutmåling

20.09.2000, Sak nr. 2000/623, straffesak, anke

Straffelova § 229, § 228, § 227 m.v.

A (Advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (Kst. statsadvokat Arild Dommersnes)

Dommere: Utgård, Rieber-Mohn, Tjomsland, Aarbakke, Gjølstad

Domfelte var funnen skuldig i omfattande krenkingar av tidlegare sambuarar; både vald og truslar. Han vart også funnen skuldig i vald og truslar mot andre. Truslane var dels sette fram ved ord og dels ved bruk av kniv.

Han var i lagmannsretten dømt til fengsel i 2 år og 3 månader for 1 brot på straffelova § 229, 6 brot på § 228 og 5 brot på § 227. I byretten var straffa sett til fengsel i 3 år, men lagmannsretten endra ei domfelling for ran til å gjelde straffelova §§ 228 første ledd og § 392 første ledd. Domfelte var tidlegare dømt to gonger i 1995 og 1996 for brot på straffelova § 229 første straffalternativ og på § 228 første ledd, jf. andre ledd. Domfelling nå gjaldt handlingar i perioden desember 1996 til august 1999. Domfelte anka over straffutmålinga, som han meinte var vesentleg for streng sett i høve til dei straffeboda det gjaldt og praksis i saker om desse. Høgsterett fastsette straffa til fengsel i 2 år. Det vart uttala at det vart lagt særleg vekt på krenkingane av dei tidlegare sambuarane. Høgsterett la også vekt på at handlingane nå, saman med dei tidlegare dommane, viste eit mønster hos domfelte.

Til toppen