Valdtekt med samleie og fotografering av medvitslause kvinner

18.01.2000, Straffesak snr. 72/1999, lnr. 6B/2000

Straffelova § 35 b, § 193 første ledd første straffalternativ, § 229 første ledd jf. § 193 første ledd andre straffalternativ

Påtalemakta (Aktor: statsadvokat Kjetil Omholt) mot A (Forsvarar: advokat Arne Meltvedt)

Dommere: Utgård, Gussgard, Stang Lund, Rieber-Mohn, Holmøy

A var i heradsretten funnen skuldig i fire tilfelle av brot på straffelova § 193 første ledd sommaren 1998 ved å ha samleie eller likestilt omgang (penis i munn, dildoar m.v. i vagina og endetarm jf. straffelova § 213), med kvinner som var medvitslause eller i djup søvn. To av tilfella vart vurderte å gå inn under det strengaste andre straffalternativet, ved at han hadde gitt kvinnene rusmiddel med det føremål å skaffe seg omgang som nemnt. Det er sentralt i saka at A tok bilete av dei ulike handlingane som her er nemnde. Heradsretten fastsette straffa til fengsel i 4 år og 6 månader.

A anka til lagmannsretten over straffutmålinga, og straffa vart nedsett til 4 års fengsel. Han anka vidare til Høgsterett over straffutmålinga. Høgsterett viste då til at det burde søkjast støtte i straffelova § 192 første ledd andre straffalternativ om valdtekt med samleie. Det vart sagt at dei konkrete omstenda i sakene då vert viktigare for straffutmålinga enn kva paragraf tilhøve skal vurderast etter. Med omsyn til den generelle vurderinga vart det vist til avgjerdene i Rt. 1999 side 363 og side 919. Konkret vart det peika på at dei fire brota på straffelova § 193 alle skjedde sommaren 1998 slik at handlingane hadde eit systematisk preg. Fotograferinga, med risiko for sprei ing av bileta, var ei stor tilleggsbyrde for kvinnene. Ut frå dette vart straffa sett til 4 år og 6 månader, i samsvar med dommen frå byretten. Høgsterett la til grunn at straffelova § 229 første straffalternativ ikkje kan nyttast i ideal konkurrens med straffelova § 193 første ledd andre straffalternativ. Domfelte hadde dessutan anka over lagmannsretten si avgjerd om inndraging i medhald av straffelova § 37 b av bilete som viste andre kvinner enn dei han var domfelt for over grep mot. Høgsterett delte seg her i eit fleirtal på tre og eit mindretal på to. Heile retten la til grunn at spørsmålet om inndraging etter straffelova § 37 b heilt ut følg jer reglane for straffespørsmålet. Det vart vist til Rt. 1997 side 27 og til at det ville kunne skape vanskelege ordningar for skuldspørsmålet om vilkåra for inndraging skulle følgje reglane for skuldspørsmålet medan spørsmålet om inndraging bør skje skal følgje reglane for reaksjonsspørsmålet. Dei omtvista bileta var av same karakter som bileta av kvinnene som A var domfelt for overgrep mot, og dei viste kvinner som var medvitslause eller i djup søvn og som hadde dildoar m.v. i vagina og endetarmsopning. Inndraging krev etter § 37 b at det "på grunn av dens art og forholdene for øvrig" er "fare for at den vil bli brukt til en straffbar handling." Det vart her vist til at spreiing av bileta ville medføre brot på straffelova § 211 første ledd bokstav b og straffelova § 390. Det måtte då innebere at domfelte i så fall kopierte opp fleire eksemplar av bileta, som var beslaglagde i frå eitt til fem eksemplar. Fleirtalet viste til at sjølv om det ikkje var påvist konkrete døme på at domfelte hadde vist bileta til andre, var det likevel slik fare ut frå arten av bileta samanhalde med det som hadde kome fram om tiltalte sin handlemåte. Faregrensa måtte også vere relativ, i det tiltalte si interesse måtte vegast opp mot den skade spreiing av bileta ville vere for kvin nene. Mindretalet var samd i det meste av fleirtalet si vurdering av inndragingsspørsmålet. Mindretalet la likevel til grunn at bevisa i saka ikkje rakk lenger enn til at bileta "kan" bli brukt til ei strafflagd handling.

Til toppen