Yrkesskadeerstatning ved passiv røyking

27.10.2000, lnr.41/2000

Yrkesskadeforsikring § 11 første ledd bokstav b

Reidun Kaland Sandstedt

Dommere: Matningsdal,Tjomsland, Gjølstad, Skoghøy, Holmøy

Reidun Kaland Sandstedt har sidan 1977 vore tilsett som vertinne/bartendar/barsjef ved Cobra diskotek v/Atlantic Hotel i Stavanger. Sidan midten av 1980-talet har diskoteket vore omgjort til nattklubb. Det har vore svært røykfullt på diskoteket, og i 1992 blei det oppdaga at ho hadde utvikla lungekreft slik at venstre lunge måtte fjernas. Ho har sidan vore 50 prosent ervervsmessig ufør. Sandstedt begynte å røyke i 1973, og har under rettsforhandlingane oppgitt sitt gjennomsnittlege forbruk til 10 - 15 sigarettar kvar dag.

Vesta Forsikring AS avslo Sandstedts krav om dekning etter lov om yrkesskadeforsikring § 11 første ledd bokstav b. Stavanger byrett tok kravet til følgje. For byretten var det ikkje lagt ned påstand om reduksjon under tilvising til hennar eiga røyking, jf. lovens § 14. Under ankebehandlinga for lagmannsretten blei det oppnemnd to sakkunnige som konkluderte med at på grunnlag av det sigarettforbruket ho oppgav, hadde hennar passive og aktive røyking medverka med respektive ca. 40 og 60 prosent til lungekreften. Etter yrkesskadeforsikringsloven § 14 kan erstatninga reduseras som følgje av skadelidnes medverknad dersom arbeidstakaren med vilje eller grovt aktlaust har medverka til skaden eller sjukdommen. Fleirtalet kom til at hennar eiga røyking måtte reknas som grov aktløyse, mens den ene dommaren var av motsett oppfatning. Erstatninga blei redusert med 25 prosent. Begge partar anka til Høgsterett. For Høgsterett aksepterte Vesta Forsikring AS at Sandstedt hadde krav på erstatning. Spørsmålet var eine og aleine om kravet skulle reduseras. Vesta Forsikring AS hevda for det første at kravet hennar måtte tidsavgrensas da ho same kva ville ha fått lungekreft etter nokre år som følgje av si eiga røyking. For det andre måtte hennar eiga røyking reknas som grov aktløyse som gav grunnlag for reduksjon med heimel i lovens § 14. Fleirtalet, fire dommarar, kom med noka ulik grunngjeving, men med monaleg vekt på førearbeida i loven, til at det ikkje var grunnlag for reduksjon. Ein dommar kom derimot til at kravet om reduksjon ikkje kunne vurderas som eit spørsmål om medverknad. Men da det låg føre samverkande skadeårsaker, og Sandstedts eiga røyking hadde spela størst rolle som årsaksfaktor, måtte kravet reduseras med 50 prosent.

Til toppen