Arbeidsgivaravgift - innleigde konsulentar

05.12.2000, 2000/116, sivil sak, anke

Folketrygdlova § 16-3 første ledd

Fabcon AS (advokat Arne Schanche Olsen) mot Staten v/Hordaland fylkesskattekontor (advokat Rolf Bech-Sørensen)

Dommere: Utgård, Rieber-Mohn, Aarbakke, Stang Lund, Lund

Fabcon AS gjennomførte mange arbeidsoppdrag for selskap knytte til oljeindustrien. Til oppdraga vart det nytta eigne tilsette og dessutan - ved individuelle avtalar - innleigde konsulentar. Spørsmålet var om det skulle svarast arbeidsgivaravgift av utbetalt vederlag til desse konsulentane, fordi utbetalingane var godtgjersle for arbeid eller oppdrag som ikkje var utførte som ledd i sjølvstendig næringsverksemd.

Høgsterett la til grunn at omgrepet sjølvstendig næringsverksemd må ha same innhald ved fastsetjing av arbeidsgivaravgift til folketrygda som i skatteretten. Om det ligg føre sjølvstendig næringsverksemd må avgjerast ut frå ei heilskapsvurdering. Det vart vist til Bye-dommen i Rt. 1994 side 1064. Høgsterett tok utgangspunkt i at avtalepartane - Fabcon og konsulentane - oppfatta konsulentane som sjølvstendige næringsdrivande i alle samanhengar. Spørsmålet måtte då vere om avtalane mellom partane hadde ein karakter eller eit innhald som gjorde at dette likevel ikkje kunne leggjast til grunn. Høgsterett peika dels på moment som ikkje hadde vekt i særskilt lei, og dels på moment som tyda på sjølvstendig næringsverksemd. Alt i alt gav dette ikkje grunnlag for å sjå bort frå partane sitt utgangspunkt. Høgsterett la då til grunn at når partane hadde inngått avtale om engasjement av sjølvstendige næringsdrivande, så hadde dei samstundes valt bakgrunnsretten som følgjer med. Det innebar også at det måtte leggjast til grunn at konsulentane hadde hatt det ansvar som ein sjølvstendig næringsdrivande har. Det var mangelfulle opplysningar med omsyn til om aktiviteten var vedvarande. Dette spørsmålet hadde ikkje vore teke opp ved bokettersynet hos Fabcon, og likningsstyresmaktene hadde heller ikkje stilt spørsmål som gjekk på dette. Høgsterett uttala at det måtte vere eit rimeleg krav til saksbehandlinga hos likningsstyresmaktene at det måtte stillast spesifiserte spørsmål, dersom det skulle givast opplysningar om periodar som gjekk ut over tidsromma då konsulentane var tilknytte Fabcon. Ut frå dette kunne Fabcon ikkje ha risikoen for at saka var mangelfullt opplyst.

Til toppen