Bortfall av reglar i fiskeriavtale

29.11.2000, Sivil sak nr 277/1999, lnr 44/2000

Saltvassfiskelova §§ 42, 43 og art. 16, fikseriavtalen Noreg/Storbritannia

Lancella Ltd. (advokat Svein Kr. Arntzen) mot Sigv. Bertnsen m.fl. (advokat Gunnar Nerdrum)

Dommere: Utgård, Stang Lund, Gjølstad, Gussgard, Holmøy

Spørsmålet i saka var om skadebotreglane i saltvassfiskelova §§ 42 og 43 må stå attende for avvikande reglar i artikkel 16 i tillegg I til fiskeriavtalen mellom Noreg og Storbritannia av 17. november 1960, jf. saltvassfiskelova § 3 om at reglane i lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten eller avtale med framand stat.

Høgsterett gjekk i dommen gjennom utviklinga av reglane for skadebotansvaret i norske og britiske farvatn. Det vart vist til Nordsjø-konvensjonen av 1882, som Storbritannia, men ikkje Noreg var part i, og som gjaldt sør for 61. breiddegrad. Tillegg I til fiskeriavtalen mellom Noreg og Storbritannia av 1960, hadde derimot berre desse to statane som partar, og denne avtalen gjaldt berre nord for 61. breiddegrad. Det var inntekne reglar om skadebotansvaret som artikkel XIX i Nordsjø-konvensjonen og i artikkel 16 i tillegg I. Storbritannia sa i 1963 opp Nordsjø-traktaten, slik at også skadebotregelen der fall bort. I 1967 vart både Noreg og Storbritannia partar i ein fiskerikonvensjon for det nordlege Atlanter-havet, som regulerte dei same spørsmåla som tillegg I, men der det ikkje vart innteken nokon regel om skadebotansvaret. Høgsterett la til grunn at det var motstrid mellom artikkel 16 og reguleringa av skadebotansvaret i trålarlova § 11 som gjaldt i 1960 og som seinare er ført vidare i saltvassfiskelova §§ 42 og 43. Tillegg 1 er ikkje formelt sagt opp av Noreg eller Storbritannia. Høgsterett kom likevel til at det var nye, tilsvarande reglar om dei same spørsmåla - unnateke om skadebotansvaret - i fiskerikonvensjonen av 1967, slik at tillegg I i alle høve fall bort så langt det her var kome nye føresegner om dei same spørsmåla. Høgsterett kom til at også artikkel 16 må ha falle bort. Mykje kunne tale for at dette alt skjedde som følgje av 1967-konvensjonen. Dette vart bygd på omstenda ved etableringa av 1967-konvensjonen, og det vart også lagt til grunn at det ikkje var noko ønskje frå statane om å ha den regelen som låg i artikkel 16. Vidare vart det lagt vekt på den seinare utviklinga i havretten og føresetnadene ved fiskeriavtalen med EF i 1980. Ut frå ei samla vurdering kom Høgsterett til at artikkel 16 ikkje lenger gjaldt. Det var ikkje grunnlag for ein regel bygd på folkerettesleg sedvanerett i dette spørsmålet.

Til toppen