Endringslikning etter skjønn

18.12.2000, 2000/25, sivil sak, anke

Likningslova § 9-5 nr. 1 a jf. § 8-2 nr. 1

Gunvor Kristiansen (advokat Terje Sverdrup Mår) mot Staten v/Akershus fylkesskattekontor (advokat Arne Haavind)

Dommere: Utgård, Skoghøy, Stang Lund, Flock, Lund

Flexivakt AS vart stifta i 1993 med Gunvor Kristiansen som eineaksjeeigar, einestyre og dagleg leiar. Saka gjaldt spørsmålet om endringslikning etter skjønn i medhald av likningslova § 9-5 nr. 1 a jf. § 8-2 nr. 1 var ugyldig.

Hausten 1996 vart det halde bokettersyn i føretaket for året 1995. Likningsnemnda bygde sitt vedtak på rapporten frå bokettersynet og la særleg vekt på: 1. Føretaket hadde negativ behaldning for kasse 1. januar 1995 med 17 196 kroner og positiv behaldning 31. desember same året med 198 473 kroner. Bokførte saldi på føretaket sine tre bankkonti stemde ikkje med bankutskriftene. For driftskontoen var til dømes bokført saldo på minus 151 789 kroner ved utgangen av 1995 meden utskrifta frå banken då synte ein negativ saldo på 264 kroner. 2. I årsmeldinga for Flexivakt var det gitt uttrykk for at omsetninga i 1995 ville bli minst tre gonger så høg som i 1994. Rekneskapen viste berre auke 1 ½ gong. Likningsnemnda la til grunn at det samla sett måtte vere halde store summar utanfor rekneskapen. Gunnvor Kristiansen vart som dagleg leiar tilordna 300 000 kroner av omsetninga som lønn. Høgsterett kom til at likninga av Gunvor Kristiansen måtte opphevast på grunn av feil i saksbehandlinga. Skattytar hadde gjort gjeldande at punktet om behaldning hadde samanheng med manglar ved avstemminga, noko som ikkje var kommentert av likningsnemnda. Mykje kunne tale for at utsegna i årsmeldinga om auka omsetning anten kom av manglande oversyn saman med overdriven optimisme, eller at utsegna hadde som grunnlag at føretaket skulle haldast i gang trass i at det var insolvent. Likningsnemnda hadde ikkje på ein klar måte bede skattytar kommentere utsegna i årsmeldinga. Det var ut frå dette grunn til å kritisere likningsstyresmaktene for manglande undersøkingar særleg på eitt viktig punkt. Vedtaket bygde då ikkje på forsvarleg saksbehandling, og det måtte då opphevast og likninga visast til ny behandling.

Til toppen