Odel - odlingsjord

27.10.2000, 360/1999

Odelsloven § 23 jf. § 1, odelsloven § 21

Sverre Kr. Sørskår mot Knut Sørskår

Dommere: Frisak, Tjomsland, Oftedal Broch, Rieber-Mohn, Gjølstad

Saka galdt spørsmålet om ein eigedom oppfylte krava til å vere odlingsjord, odelsloven § 23 jf. § 1, og i så fall om odelsløysing kan nektas etter odelsloven § 21 andre ledd.

Saka galdt spørsmålet om ein eigedom oppfylte krava til å vere odlingsjord, odelsloven § 23 jf. § 1, og i så fall om odelsløysing kan nektas etter odelsloven § 21 andre ledd. Eigedommen Store Døvik ligg i Strand kommune, har eit totalt areal på 239 dekar; av dette er 14 dekar dyrka jord, 9 dekar innmarksbeite og 216 dekar utmark. Eigedommen ligg i eit jordbruksområde med spreidt bustadbygging. Det har så langt tilbake det er opplyst, alltid vore jordbruksdrift på eigedommen. Det har i dei seinare åra vore ca. 20 vinterfora sauer. Odelsløysaren, Sverre Sørskår, har planar om å drive med fruktdyrking som binæring. I kommuneplanen er eigedommen regulert til LNF område. Høyesterett la til grunn at det framstod som realistisk at ein fornuftig kjøpar vil erverve eigedommen til landbruksdrift, og at eigedommen vil gi eit monaleg tilskot. Det blei vist til Tysværdommen Rt. 1998 side 450 og Hjelmelanddommen Rt. 1987 side 1231. Vilkåra i odelsloven § 1 og § 2 var oppfylte, og løysing kunne ikkje nektas med heimel i odelsloven § 23. Uttala at når lovgjevar i odelsloven § 2 har sett ei nedre grense for odlingsjord til 10 dekar jordbruksareal, vil ein eigedom med eit allment godt jordbruksland som klart overstig dette minstearealet, i utgangspunktet tilfredsstille krava til odlingsjord med mindre det ligg føre spesielle grunnar som gjer at eigedommen allikevel ikkje kan påreknas nytta til landbruksdrift, jf. odelsloven § 1. Høgsterett fann at det ikkje var klart urimeleg at Sverre Sørskår fekk overta eigedommen på odel. Teke utgangspunkt i at odelsloven § 21 er ei unntaksavgjerd, som odelsløysing skal nektas etter dersom det vil vere "klårt urimeleg om løysingsmannen fekk drive eigaren bort." Etter førearbeida og rettspraksis skal det relativt sterke grunnar til for at lovens hovudregel skal fråvikas. I forhold til lovens vurderingstema stod partane relativt likt når det gjeld sentrale forhold. Dei var begge nevø av tidlegare eigar, ingen av dei hadde budd på garden, og ingen av dei hadde utdanna seg for å drive jordbruk. Begge hadde utdanna seg til andre yrke og hadde i det alt vesentlege inntektene sine der. For begge var det spørsmål om biinntekter frå eigedommen av begrensa omfang. Eigars noe nærare tilknyting til eigedommen blei ikkje tillagt vesentleg vekt etter forholda. Det var i saka gjort gjeldande at det må stillas mindre krav til kva som er klart urimeleg når odelseigedommen har ein moderat storleik og berre vil representere ei binæring. Høgsterett uttala at da odelseigedommen klårt overstig arealkrava i odelsloven § 2, og lovgjevar har godkjent støttebruk som odlingsjord, kan ikkje dette forholdet tilleggjas vekt ved vurderinga av kva som er klårt urimeleg i denne saka. Eigedommen kunne løysas på odel.

Til toppen