Brotsverk gjort i prøvetida etter prøvelauslating

21.12.2000, 2000/911, straffesak, anke

Fengselsloven § 41 jf. straffeloven § 54 nr. 3

A (advokat Morten Kjensli) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Marit Bakkevig)

Dommere: Tjomsland, Stang Lund, Utgård, Oftedal Broch, Gjølstad

A blei i 1990 dømd til 12 års fengsel for overlagt drap. Han blei 30. juli 1998 lauslaten på prøve etter soning av to tredjedels tid.

Han er nå domfelt for fleire narkotikabrotsverk, trugsmål og heling. Det alvorlegaste forholdet var at han saman med ein annan - ca. 5 månader etter prøvelauslatinga - kjøpte og oppbevarte 40,81 gram heroin, 6,871 gram amfetamin samt tablettar med narkotisk innhald. Han er også domfelt for jamnleg erverv, innehaving og bruk av mindre kvanta narkotika allereie frå dagen etter prøvelauslatinga. A er vidare domfelt for ved to høve å ha sett fram alvorlege trugsmål mot polititenestemenn. Høgsterett var einig med dei tidlegare instansane i at det her burde fastsetjast ei fellesstraff etter fengselsloven § 41, jf. straffeloven § 54 nr. 3. A hadde i prøvetida gjort nye alvorlege straffbare handlingar (i det vesentlege narkotikabrotsverk) som isolert sett ville ført med seg ei straff av fengsel i ca. 3 år. Det omstendet at dei nye straffbare handlingane i art var forskjellige frå den drapshandlinga han tidligare var domfelt for, kunne etter omstenda vere eit moment av vekt ved valet mellom fellesstraff og særskilt straff. Da domfelte i dette tilfellet kort tid etter prøvelauslatinga sette i verk kriminalitet av ein så alvorleg karakter som det her var tale om, innebar dette likevel eit så alvorleg brot på føresetnadene for prøvelauslatinga at Høgsterett fann det urett å gi særskild dom for dei nye forholda, jf. orskurden i Rt. 1994 side 231. Høgsterett var einig med lagmannsretten i at fellesstraffa burde setjast til fengsel i 5 år.

Til toppen