Fellesstraff for brotsverk gjort i prøvetida etter prøvelauslating

21.12.2000, 2000/902, straffesak, anke

Fengselsloven § 41 jf. straffeloven § 54 nr. 3

A (advokat Morten Kjensli) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Marit Bakkevig)

Dommere: Stang Lund, Utgård, Oftedal Broch, Tjomsland, Gjølstad

A er straffedømd 8 gonger før 1989 og fekk fengselsstraffer på respektive 8 og 7 år i 1978 og 1984 for blant anna narkotikabrotsverk. Han blei ved daverande Eidsivating lagmannsretts dom 27. februar 1989 dømd for narkotikabrotsverk til fengsel i 16 år som ei fellesstraff der ei resttid på 2 år og 121 dagar etter dommen frå 1984 inngjekk. Han blei lauslaten på prøve 1. juni 1999 med resttid 5 år og 190 dagar.

Byretten dømde 19. januar 2000 A til fengsel i 2 år og 6 månader som særskild straff for nytt grovt narkotikabrotsverk gjort ein månad etter prøvelauslatinga. Påtalemakta anka straffutmålinga, og lagmannsretten fastsette straffa til fengsel i 6 år og 3 månader som fellesstraff med resttida etter dommen frå 1989. A anka straffutmålinga til Høgsterett. Høgsterett fann det klart at fellesstraff måtte idømmast. Når også det nye straffbare forholdet galdt grovt narkotikabrotsverk som i seg sjølv må leie til ei lengre fengselsstraff utan vilkår, skal normalt fellesstraff idømmast sjølv om resttida er svært lang. Ved fastsetjinga av fellesstraffa la Høgsterett ei viss vekt på at ei straff på 16 års fengsel for forholda i dommen frå 1989 medrekna rest-tida på 2 år og 121 dagar, er noko strengare enn det som følgjer av nyare rettspraksis. Det måtte difor takast omsyn til at domfelte hadde sona noko over ti år for dei forholda han blei domfelt for i 1989. Straffa blei etter dette sett ned til fengsel i fem år og seks månader.

Til toppen