Grovt ran gav strengare straff

22.11.2000, 2000/567, straffesak, anke

Strl § 267 jf. § 268, strl § 166

Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Tormod Haugnes) mot A (advokat John Chr. Elden)

Dommere: Bruzelius, Stang Lund, Flock, Frisak, Dolva

A var av heradsretten funnen skuldig i eitt tilfelle av grovt ran, eitt tilfelle av medverknad til falsk forklaring og eitt tilfelle av forsøk på medverknad til dette, og blei dømd til 360 timars samfunnsteneste, jf. straffeloven § 28 a. Påtalemakta anka til lagmannsretten over straffeutmålinga mens A anka imot for så vidt gjeld vurderinga av ranet som grovt. Lagmannsretten kom til at det her dreidde seg om eit grovt ran, og dømde han til fengsel i eitt år og to månader. Dommen blei sagt under dissens. Påtalemakta anka til Høgsterett over straffeutmålinga og påstod strengare straff, mens A anka mot.

Det dreidde seg om ran av ei daglegvareforretning der A tidlegare hadde arbeidd. Ranet blei utført før forretninga opna kl. 07.00. Ranet blei utført ved bruk av vald mot den tilstadeverande tilsette, og ho blei ført inn i forretningas fryserom. Ho fekk kutt i bakhovudet som måtte sys med sju sting, og fekk psykiske etterverknader. Framlagde statistiske opplysningar viser ein sterk auke i talet på etterforska ran (så vel grove som simple) av forretning/kiosk. Høgsterett uttalar at omsynet til allmennprevensjon tilseier at det vert reagert med fengsel utan vilkår av lengre tid for slike ran. I samband med straffeutmålinga blei peikt på at straffa også femnar om medverknad til falsk forklaring og forsøket på dette, og at allmennpreventive grunnar også tilseier ein streng reaksjon for slike handlingar. Den samla straffa blei sett til eitt år og åtte månader.

Til toppen