Grovt seksuelt misbruk av dotter

21.12.2000, 2000/1224, Straffesak, anke

Straffeloven § 195 første og andre ledd, § 207 andre straffalternativ m.m.

A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Olav Helge Thue)

Dommere: Bruzelius, Lund, Oftedal Broch, Utgård, Holmøy

A var funnen skuldig i særs grovt seksuelt misbruk av dottera si. Overgrepa begynte da ho var 8 år, og heldt fram til ho var 13 år. Misbruket omfatta blant anna samleie og innføring av gjenstandar i skjeden hennar. Han var vidare funnen skuldig i utuktig omgang med tre andre jenter under 14 år. Straffutmålinga omfatta dessutan utgjeving m.v. av pornografiske bilde og filmar som han hadde lagt ut på internett, samt innehaving av dette materialet. Han hadde blant anna filma samleie med dottera og lagt ut dette på internett.

A var av begge dei tidlegare instansane dømd til fengsel i 6 år. Lagmannsretten hadde i tillegg gitt sikringsfullmakt i 5 år. Domfelte påanka straffutmålinga, men ikkje sikringsfullmakta. Den objektive grovleiken i dei straffbare handlingane måtte få dominerande tyding ved straffutmålinga. Høgsterett peika på at det dreidde seg om særs grove overgrep mot dottera. Det faktum at domfelte hadde filma forholdet og lagt filmen ut på internettet, blei rekna som ytterlegare ei støytande krenking. Faren for skadeverknader for dei fornærma blei dregen fram. I formildande retning blei peika på at domfelte hadde tilstått det alt vesentlege av forholdet til dottera og til to av dei andre fornærma. Vidare uttalt at straffutmålinga må sjåst i samanheng med sikringsfullmakta. Uttalt at lagmannsrettens straffutmåling var blitt noko for høg, jf. særlig Rt. 1999 side 745. Samanhalde med sikringsfullmakta blei straffa endra til fengsel i 5 år.

Til toppen