Særs stort kvantum narkotika - kurér

21.12.2000, 2000/340, straffesak, anke

Straffelova § 162 første og tredje ledd

A (advokat Hans Stenberg-Nilsen) mot Den offentlege påtalemakta(førstestatsadvokat Edward Dahl)

Dommere: Utgård, Oftedal Broch, Bruzelius, Frisak, Holmøy

Domfelte tok på seg å transporterte narkotika frå Nederland til Noreg i ein bil han fekk stilt til rådvelde. Oppdragsgivaren gøymde narkotikaen i bilen, utan at domfelte kjende til den nøyaktige mengda. Domfelte fekk bilen og tok 11. juni 1998 ferje frå Hirtshals til Kristiansand. Det vart der avdekt at han hadde 9,853 kg amfetamin og 47,5 kg hasj i bilen, skjult i ein spesiallaga tank mellom baksetet og bagasjerommet. Lagmannsretten, som byretten, fastsette straffa til fengsel i 11 år.

Lagmannsretten slutta seg i grunngivinga for straffutmålinga til byretten, som hadde lagt til grunn forsett i form av dolus eventualis. Høgsterett uttala at A hadde handla med forsett. Handlinga var ikkje ulikt straffverdig ut frå om domfelte sjølv plasserte narkotikaen i bilen eller om han let andre gjere det, vitande om at han ikkje hadde full kontroll med mengda han transporterte. Amfetaminen var fuktig då han vart transportert. Høgsterett slutta seg til lagmannsretten som uttala at styrkegraden av stoffet i denne tilstanden var normal, og at det måtte reknast med at partiet var tenkt til vidaresal ut frå den vekta det hadde ved innførselen. Høgsterett uttala at straffa samla sett i alle fall ikkje var for streng, når dei tidlegare rettane hadde fastsett straffa til fengsel i 11 år. Det vart vist til nokre tidlegare dommar. Høgsterett la til grunn at A hadde vore kurér. I anken til Høgsterett viste A til at han etter anken til Høgsterett hadde gitt opplysningar til politiet for å kunne avdekkje dei som stod bak omsetninga av narkotikaen i Nederland. Høgsterett viste her til Rt. 1998 side 2001 der det på side 2006 vart sagt at det ikkje var tvilsamt at det ved straffutmålinga i narkotikasaker skal leggjast vekt på samarbeidet med politiet. Dette måtte likevel avgjerast ut frå konkrete omstende, mellom anna kva samarbeidet hadde gått ut på og kva risiko den tiltala var utsett for. Høgsterett uttala at samarbeidet med politiet måtte ha ei viss vekt sjølv om det først fann stad etter at skuldspørsmålet var avgjort. Det var likevel i dette tilfellet ikkje enkelt å vurdere kor mykje opplysningane hadde hatt å seie for politiet eller kva risiko dei innebar for domfelte. Høgsterett viste til at A, då han vart pågripen, ikkje var viljug til å opplyse namnet på oppdragsgivaren eller til å samarbeide med tanke på å avdekkje mottakarapparatet. Det var då teke tilstrekkeleg omsyn til samarbeidet frå A når straffa var fastsett til fengsel i 11 år.

Til toppen