Straffutmåling - ran og vald

25.10.2000, 2000/239, straffesak, anke

Strl § 267 første ledd/ strl § 64

A mot Den offentlege påtalemakta

Dommere: Rieber-Mohn, Tjomsland, Oftedal Broch, Frisak, Gjølstad

A var i lagmannsretten domfelt blant anna for ran til ei straff i 1 år og 6 månader. Han anka til Høgsterett blant anna over at han var dømd for ran, og gjorde gjeldande - som mindretalet i lagmannsretten - at den utviste valden var så vidt moderat at tilfellet var å likestille med veskenapping.

Lagmannsretten - fleirtalet på 3 fagdommarar og 2 med-dommarar - la til grunn at A hadde sett seg ut forretninga, der den krenkte - ein 83 år gammel kvinneleg ekspeditør - var aleine. Han gjekk inn og kommanderte ho på ein måte som blei oppfatta som brutal og trugande. Deretter tok han eit fast og hardt grep i den krenktes strikkedrakt like under halsen, og drog eller førte ho til kassa. Da den krenkte forsøkte å hindre straffsøkte i å tømme kassa, gjorde straffsøkte ein "vridende bevegelse på klærne mot fornærmedes hals for å få et bedre grep". Ved dette blei knappar i drakta hennar rivne laus. Høgsterett fann samrøystes at A hadde utøvd vald som klårt oppfyller kravet i straffelovens § 267 første ledd. Valdselementet blei vurdert klårt meir uttala enn i veskenappingstilfella. Trass i at prinsippet i straffelovens § 64 - i forhold til ein annan dom for ran - skulle brukas, fann ikkje Høgsterett grunn til å endre straffutmålinga.

Til toppen