Svindel - falske fakturaer

22.11.2000, 2000/779, straffesak, anke

Straffeloven § 270, § 271 og § 317

A (advokat Morten Kjensli) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Håvard Holm)

Dommere: Flock, Frisak, Bruzelius, Stang Lund, Dolva

A hadde i ein periode på bortimot eitt år på vegner av 5 ulike selskap ved hjelp av medarbeidarar sendt ut i alt rundt 6900 fakturaer til firma eller næringsdrivande. Totalt blei det fakturert for ein sum rundt 21 millionar kroner. Fakturaene galdt ytingar som i all hovudsak mangla grunnlag i inngåtte avtalar, som ikkje var levert, og som det heller ikkje var meininga å levere.

Som følgje av manglande kontroll hos enkelte av mottakarane blei ca. 5 prosent av den samla utfakturerte summen, vel 1 million kroner, betalt. I tillegg til dette kom utbytteheleri der A i alt fekk overført til seg nesten kr 160 000. Summen skreiv seg frå innbetalingar med bakgrunn i slike fakturaer. (Straffeloven § 270, § 271, § 317). Byretten utmåla straffa til fengsel i 4 år som fellesstraff med vilkårsdelen på 6 månader av ein tidlegare dom. I tillegg blei han frådømd retten for alltid til å drive sjølvstendig næringsverksemd, retten til å vere dagleg leiar eller inneha anna leiande stilling i noko selskap og retten til å vere medlem av noko selskaps styre. Han blei også dømd til å tole inndraging med kr 500 000. Lagmannsretten gjorde den endringa at straffa blei sett til fengsel i 3 år. Anken til Høgsterett blei forkasta. Lagmannsretten hadde uttala at ein tok "et visst hensyn til at det erfaringsmessig bare er en mindre del av de falske fakturaene som rent faktisk vil bli betalt av mottakeren." Domfelte hadde gjort alt som skulle til for at bedrageriet kunne fullføras. Høgsterett nemnde at lagmannsretten ved dette hadde tatt tilstrekkeleg omsyn til vedtaket i straffeloven 51 om at forsøk vert straffa mildare enn fullført brotsverk.

Til toppen