Monaleg lekamsskade valda med øks

01.11.2001, 2001/955, straffesak, anke

straffeloven § 229 tredje straffalternativ, jf. § 232

A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arne Ingar Dymbe)

Dommarar: Stang Lund, Matningsdal, Stabel, Bruzelius, Aasland

A kasta i oktober 1999 ei øks mot B som trefte den høgre handa slik at denne blei kutta av og kun hang fast i armen i ei mindre hudbru. B blei innlagt på Rikshospitalet og var der fram til 22. desember 1999. Handa blei sydd på plass, men ho fungerer ikkje på normal måte. A blei i lagmannsretten dømd til 1 års fengsel for lekamsskade med særleg farleg reiskap med monaleg skade på lekamen til følgje.

A anka over straffutmålinga til lagmannsretten. Høgsterett la i sterkt skjerpande retning vesentleg vekt på at kasting av ei skarp og tung tømrarøks mot person frå ein veranda i andre etasje medførte særs stor risiko for skadar i hovudet og på overkroppen. Ei slik handling skulle i utgangspunktet ha ført til ei monaleg strengare straff enn den som var idømd. Den straffbare handlinga fann stad da A saman med to andre medlemmar dreiv oppussingsarbeid i MC-klubbens lokal. A blei plutseleg konfrontert med at fleire personar frå eit asylmottak på staden væpna med steinar, stokkar og brekkjern prøvde å trengje inn i klubblokalet. Desse personane hadde vore innblanda i eit slagsmål same natt utanfor eit diskotek. Ved det høvet hadde ein annan klubbmedlem vist særleg aggressivitet og komme med rasistiske utsegner overfor dei utanlandske personane. A blei ved slag, spark og steinkasting påført lesjonar før inntrengarane blei drivne tilbake og inngangsdøra låst. Etter låsinga var det ingen overhengande fare for at nokon skulle trengje inn i huset. Istaden for å ringe til politiet og be om hjelp, valde A å halde fram kampen frå verandaen ved å kaste tilbake steinar og stokkar som inntrengarane kasta mot dei. I denne fasen kasta han øksa mot den krenkte. Høgsterett fann at ei straff på eitt års fengsel i tilstrekkeleg grad tok omsyn til at angrepet kom plutseleg og utan nokon grunn frå A si side, faresituasjonen og hans rettkomne harme.

Til toppen