Bilkjøring i amfetaminpåverka tilstand

28.06.2001, 2001/205, straffesak, anke

Vegtrafikkloven § 22

A mot Den offentlege påtalemakta

Dommere: Lund, Tjomsland, Stabel, Rieber-Mohn, Aasland

A blei i byretten domfelt for ei rekkje bedrageri, dokumentfalsk i samband med dette, innkome mv. av mindre kvanta amfetamin og kjøring utan førarkort, men frifunnen for to tilfelle av bilkjøring i amfetaminpåverka tilstand da retten ikkje fann å kunne sjå bort frå at han hadde utvikla monaleg toleranse for amfetamin. Påtalemakta anka frifinninga - vurderinga av prov under skyldspørsmålet - til lagmannsretten og fekk medhald. As anke til Høgsterett over lovbruken til lagmannsretten førte ikkje fram:

A var ved dei to tilfella pågripen etter påfallande kjøring og mistanke om narkotikapåverknad. Ved dei kliniske undersøkingane blei han funnen lett påverka i det eine tilfellet, og umogleg å bedømme med omsyn til påverknadsgrad i det andre tilfellet. Blodprøvene viste i begge tilfelle ca 7 mikromol amfetamin per liter blod. Lagmannsretten tok utgangspunkt i at spørsmålet om påverknad etter vegtrafikkloven § 22 må avgjeras etter ei heilskapsvurdering der fleire faktiske forhold inngår, jf. Rt. 1996 side 763, og at det må gjeras ei individuell vurdering der spørsmålet om straffsøkte kan ha utvikla toleranse overfor påverknad, også må vurderas. I vurderinga av prov, der det blei teke utgangspunkt i at blodkonsentrasjonen med styrke tala for at A hadde vore påverka, og der både kliniske undersøkingar, kjøreåtferd og spørsmålet om toleranseutvikling hadde vore vurdert, kom lagmannsretten til at A utvilsamt var påverka. Høgsterett slutta seg til lagmannsrettens forståing av § 22 første ledd med ein merknad om at påverknad i denne føresegna refererer seg til nedsett kjøredugleik. Det blei elles halde fram at den konkrete vurderinga av dei faktiske forholda som inngår i heilskapsvurderinga, er provveging som ikkje kan prøvas av Høgsterett. Det var ingen mangel ved lovbruken eller ved domsgrunnane, som heller ikkje reiste tvil om reglane for provtyngsle var rett nytta. As anke til Høgsterett galdt også straffutmålinga. Straffa for A, som tidlegare er domfelt ei rekkje gonger, blant anna fem gonger for kjøring i påverka tilstand, var av lagmannsretten sett til fengsel i 1 år og 6 månader. Dette slutta Høgsterett seg til.

Til toppen