Borgarlege rettskrav i straffesak

30.01.2001, Sak nr. 2000/1310, straffesak, anke

Avtaleloven § 29

A (advokat Ole A. Bachke jr.) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Ole Bjarne Hagen)

Dommarar: Lund, Stang Lund, Bruzelius, Flock, Dolva

Borgarlege rettskrav i straffesak. Spørsmål om kravet kan takast opp i lagmannsretten etter å vere fråfalle i heradsretten.

Den krenkte hadde i heradsretten sett fram krav om erstatning og oppreising, men fråfalle kravet under hovudforhandlinga. Saksøkte, som blei domfelt i heradsretten, anka til lagmannsretten, og her gjorde den krenkte kravet på erstatning og oppreising gjeldande på nytt. Dette reiste for det første spørsmålet om borgarlege rettskrav, som ikkje er tekne opp i første instans, kan gjerast gjeldande i ankeinstansen. Dinest var spørsmålet om den krenktes fråfall av kravet i heradsretten var bindande for ho. Lagmannsretten svara ja på det første spørsmålet, men meinte at fråfallet ikkje var bindande for den krenkte på grunn av tvang. Domfelte blei dømd til å betale erstatning til den krenkte. Høgsterett var einig med lagmannsretten i at det måtte vere høve for den krenkte til å ta kravet opp i ankeinstansen sjølv om det ikkje var gjort gjeldande i heradsretten. Lagmannsrettens erstatningsavgjerd blei likevel oppheva da det ikkje var mogleg å sjå av premissane om bruken av avtalelovens § 29 var korrekt.

Til toppen