Eigedomsretten til prøvetrykk av frimerke

27.06.2001, sak nr. 2000/1487, sivil sak, anke

Postloven av 29, november 1996 § 7 og åndsverkloven § 25

Posten Norge BA (advokat Arne Ringnes) mot Knut Løkke-Sørensen (advokat Jon Christophersen)

Dommarar: Rieber-Mohn, Gussgard, Stang Lund, Bruzelius, Dolva

Saka galdt tvist mellom Posten Norge BA og ein frimerkekunstnar om eigedomsretten til prøvetrykk av frimerke som er laga under graveringsarbeid, før det ligg føre godkjent prøvetrykk.

Frimerkekunstnaren Knut Løkke-Sørensen arbeidde i 22 år - frå 1962 til 1984 - med ståltrykksproduksjon av frimerke i Noregs Banks seteltrykkeri (NBS). Han utarbeidde utkast til frimerke og graverte det godkjente utkastet i ei plate av uherda stål. Ein slik originalgravyre var basis for frimerketrykkinga. Under graveringsarbeidet vert det teke prøvetrykk av det uferdige merket. Graveringsarbeidet utførte Løkke-Sørensen som tilsett i NBS, mens det kunstnariske arbeidet blei utført etter oppdrag frå Posten. Dei prøvetrykka som blei tekne i NBS-perioden, var ikke omfatta av tvisten. I 1985 begynte Løkke-Sørensen som freelancer og dreiv verksemd som kunstnar og gravør i eigne lokal - framleis på oppdrag frå Posten. I tida 1985 til 1994 var det berre muntlege oppdragsavtalar mellom partane. Det er eigedomsretten til prøvetrykk frå denne perioden tvisten gjeld. Frå og med 1994 inngjekk partane ein skriftleg standardavtale som sikra Posten eigedomsrett blant anna til prøvetrykka. Tvisten oppstod da Løkke-Sørensen la prøvetrykk og originalarbeid frå freelance-perioden og frå NBS-tiden ut for sal på ein auksjon våren 1998. Posten hadde da i korrespondanse med Løkke-Sørensen i månadene føreåt, hevda eigedomsrett til originalarbeida utan å nemne prøvetrykka. Sommaren 1998 tok Posten ut stemning mot Løkke-Sørensen og kravde eigedomsrett til frimerkeoriginalane. På førehand hadde Posten akseptert at 71 prøvetrykk frå freelance-perioden blei selde på vårauksjonen. Da Posten hausten 1998 fekk vite at Løkke-Sørensen framleis sat på ei mengd prøvetrykk, blei påstanden i stemninga utvida til å omfatte eigedomsretten til desse. Byretten gav Posten medhald i at den hadde eigedomsrett til originale teikningar og akvarellar samt alle prøvetrykk frå freelance-perioden. Løkke-Sørensen anka over avgjerda med omsyn til prøvetrykka. Lagmannsretten tilkjende han eigedomsretten til alle prøvetrykka frå freelance-perioden. Høgsterett kom samrøystes til same resultat. Det kunne ikkje leggjas til grunn som ein felles føresetnad for dei muntlege oppdragsavtalane i åra 1985-1994 at Posten var eigar av prøvetrykka. Særleg blei det lagt vekt på at Posten ikkje hadde vist interesse for prøvetrykka og til og med akseptert at Løkke-Sørensen selde fleire av desse våren 1998. Uklarleikar ved desse avtalane måtte Posten bere ansvaret for, jf. spesialitetsprinsippet i åndsverklovens § 39 a. Det følgjer av dette at avtale om overføring av opphavsrettane skal tolkas strengt i opphavsmannens favør.

Til toppen