Erstatning for påståtte ærekrenkingar i svensk fjernsynsprogram - om sak kan fremjas i Noreg

17.10.2001, 2000/799, sivil sak, kjæremål

Luganokonvensjonen artikkel 5(3)

Gudmund Skogvik mfl. (advokat Rolf Knudsen) mot Sveriges Television AB og Per Lapins (advokat Jon Lyng)

Dommarar: Matningsdal, Gussgard, Stang Lund, Stabel, Dolva

Sveriges Television AB viste i februar 1994 eit dokumentarprogram med tittelen "En folkefiende - sälfångstinspektören som tvingades i exil". Programmet var produsert av journalist Per Lapins. Bakgrunnen for programmet var at Odd Lindberg, etter at han hadde kome med ei rekkje skuldingar om regelbrot på selfangstskuta "Harmoni", meinte at han blei så dårleg behandla i Noreg at han flytta til Sverige og busette seg der under hemmeleg adresse. Temaet for programmet var etter det som blei sagt dei dårlege vilkåra for ytringsfridomen i Noreg.

Programmet kunne i Noreg takas inn av 630 000 tilknytingar til kabel-TV, av dei ca. 7 000 i Tromsø og Balsfjord. Seks selfangarar, som meinte seg ærekrenka, reiste sak mot Sveriges Television AB og Per Lapins ved Nord-Troms heradsrett med krav om oppreising for påståtte ærekrenkingar. Det blei vist til erstatningsvernetinget i Luganokonvensjonen artikkel 5 (3) som bl.a. gjev tilgjenge til søksmål ved domstolen på den staden der skaden "oppstod". Fem av dei var busett innanfor rettskretsen til Nord-Troms heradsrett. Nord-Troms heradsrett, og seinare Hålogaland lagmannsrett, avviste søksmålet. Avvisinga var særleg grunngjeve med at verknaden av dei påståtte ærekrenkingane samla sett måtte ha vore heller moderat i Noreg. Høgsteretts kjæremålsutval overførte kjæremålet til handsaming i avdeling der saka blei behandla etter dei reglar som gjeld for ankesaker. Høgsteretts kom til motsett resultat og fremma saka for Nord-Troms heradsrett. Det blei særleg vist til at EF-domstolen i ein dom frå 1995 kom til at ein engelsk borgar kunne reise sak i England for påståtte ærekrenkingar mot henne i ei fransk avis. Av eit totalt opplag på i overkant av 250 000 eksemplar var 230 selde i England og Wales, av dei fem i Yorkshire der ho budde. Men saka måtte avgrensas til skade i England og Wales. Det forhold at Svensk Television AB på grunn av internasjonale konvensjonar har små moglegheiter for å hindre at fjernsynsprogram vert spreidde til Noreg, blei ikkje rekna for avgjerande. Også journalisten kunne saksøkjas i Noreg sjølv om han er ansvarsfri etter svensk rett.

Til toppen