Føretaksstraff for medieføretak

01.11.2001, 2001/426, straffesak, anke
Straffelova § 48 a og § 48 b
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Inger Marie Sunde) mot X (advokat Hans Stenberg-Nilsen)
Utgård, Stang Lund, Matningsdal, Frisak og Smith

Saka gjaldt føretaksstraff for eigarselskapet for ei avis etter at ein eller fleire journalistar i avisa, med godkjenning frå vaktleiaren, hadde kjøpt fem ecstasytablettar gjennom ei kjelde. Siktemålet var å vise kor lett det var å skaffe ecstasy i Z. Artikkelen om dette var del av ein større artikkelserie i X.

Høgsterett la til grunn at det etter straffelova § 48 a er heimel for å nytte føretaksstraff mot avisføretaket. Det vart vist til avgjerdene i Rt. 1998 side 652 Y og Rt. 2000 side 234 Æ. Dette måtte gjelde sjølv om det vart lagt til grunn ei fri og sjølvstendig stilling for redaktøren. Situasjonen er likevel ikkje annleis enn i svært mange andre typar føretak der arbeidet må gjerast av personar som fyller særlege kvalifikasjonskrav eller handlar med grunnlag i særskilde autorisasjonar. Med omsyn til om det var grunn til å nytte føretaksstraff, jf. straffelova § 48 b, vart det teke utgangspunkt i saka om Y. Det vart peika på omsynet til lovlydnad. Likeins vart det vist til at journalistane forsettleg braut forbodet mot å kjøpe narkotika, og at dette dessutan var godkjent av vaktleiaren. At ingen i avisa ville opplyse kven som hadde vore involvert, tala også for føretaksstraff. Når det likevel ikkje vart nytta føretaksstraff, var det særleg ut frå den særlege stillinga media har i samfunnet. Media har ei viktig oppgåve i å opplyse og setje under drøfting ulike sider ved samfunnet. Ikkje minst gjeld dette i høve til eit samfunnsproblem som narkotika. Dette blir gjort i samfunnets interesse. Det sentrale for media er å referere, men det kan også i visse tilfelle vere nyttig å dokumentere gjennom eigenhandling. Etter dette vart det ikkje nytta føretaksstraff.
Til toppen