Forsikringsbedrageri - straffutmåling

18.06.2001, sak nr. 2001/12, straffesak, anke

Straffeloven § 272, 1. og 3. ledd m.fl.

A (advokat Ole A. Bachke jr.) mot Den offentlege påtalemakta

Dommarar: Gjølstad, Tjomsland, Rieber-Mohn, Flock, Dolva

Saka galdt forsikringsbedrageri på ca. 70 000 kroner og i tilknyting til dette falsk melding til politiet. Forhøyrsretten sette straffa til 90 dagar fengsel, av dette 25 dagar utan vilkår, resten på vilkår. Domfelte anka til lagmannsretten for å få samfunnsteneste, men anken blei forkasta under dissens frå ein dommar.

Domfeltes anke til Høgsterett over straffutmålinga førte ikkje fram. Høgsterett fann ikkje at det var grunnlag for å endre praksis på dette området, som går ut på fengselsstraff utan vilkår med mindre saka gjeld eit relativt lite beløp eller det ligg føre særlege grunnar. Domfelte hadde visse psykiske problem, og saka var blitt noko gammal, men det var teke tilstrekkeleg omsyn til desse forholda ved at ein vesentleg del av straffa var gjort på vilkår.

Til toppen