Inngangsverdien av aksjar som var realiserte med tap

31.01.2001, Sak nr. 2000/893, sivil sak, anke

Selskapsskatteloven 20. juli 1991 nr. 65 § 5-2 jf. § 5-3 nr. 2 (vidareført i skatteloven 26. mars 1999 nr. 14 § 10-31 annet ledd )

Kjell Olav Espeland (advokat Per T. Sekse) mot staten v/Rogaland fylkesskattekontor (regjeringsadvokaten v/advokat Morten Goller)

Dommarar: Aarbakke, Dolva, Gussgard, Flock, Smith

Espeland hadde i åra 1985-90 investert 550 000 kroner i aksjar i Scavani AS. Da han i 1994 selde aksjane sine, som var teikna i 1990, for kostpris, kravde Espeland frådrag også for tap av investeringane i tidlegare år på aksjar som var bortskrivne ved nedsetjing av aksjekapitalen i 1989. Ved endringslikning blei frådrag for dette tapet nekta. Saka galdt om endringslikninga var gyldig.

Etter at staten var blitt frifunnen av lagmannsretten, oppheva Høgsterett endringslikninga og gav rettleiing for ny endringslikning. Det blei lagt til grunn at aksjeinvesteringane i åra 1985-89 var ledd i ei samla aksjeinvestering. Denne blei sett på som delvis avslutta i 1989, ved at Espeland ved den aksjekapitalhevinga som da fann stad, gav avkall på å vidareføre 65,8 prosent av si aksjeeigarinteresse i selskapet. Berre investeringane i den delen av aksjeeigarinteressa som blei vidareført i 1989 - 17,5 prosent - kunne reknast med i inngangsverdien på dei aksjane Espeland selde i 1990. Inngangsverdien på dei selde aksjane omfatta dimed 52 500 kroner av investeringane på 250 000 kroner i åra 1985-88, innskotet på 175 000 kroner i 1989 og innskotet på 125 000 kroner i 1990.

Til toppen