Korleis sjøloven § 254 fjerde ledd er å forstå.

23.05.2001, sak nr. 2000/931, sivil sak, anke

Sjøloven § 254

Trans Salmon AS (advokat Øystein Horneland) mot Ishavssmolt AS (advokat Gunnar Nerdrum)

Dommarar: Lund, Coward, Stabel, Bruzelius og Dolva

Reiarlaget Trans Salmon, som eig brønnbåtar for transport av levande fisk, gjorde avtale om transport med Ishavssmolt, som produserer laksesmolt. I avtalen gjekk det fram at reiarlaget måttet ta omsyn til veret, og at brønnbåten måtte vere utstyrt med to rom. Da rommet i den aktuelle brønnbåten berre hadde eitt rom, blei rommet som følgje av dette delt med ei perforert metallplate.

Det skulle opphavleg gjennomføras åtte transportar, men berre fire transportar blei utført, da det viste seg at ein stor del av smolten døydde stutt tid etter ankomst til mottakar. Ishavssmolt meinte at dette skyldtes at transportane var utført i dårleg ver, og at smolten da var blitt skylt mot dei perforerte metallplatene. Selskapet nekta å betale for transportane og kravde erstatning av Trans Salmon for dei tapa som oppstod ved den store mortaliteten. Trans Salmon meinte at tapet skyldtes den dårlege tilstanden til smolten da den blei tatt om bord, og viste dessutan til ein klausul bak på fraktbrevet der selskapet fråskreiv seg ansvaret for "Skade på eller tap av levende fisk som føres med fartøyet og skade på eller tap av dekkslast, uansett årsak". Ishavssmolt hevda at klausulen ikkje var vedteke og dessutan i strid med den preseptoriske regelen i sjøloven § 254 første, jf. fjerde ledd. I heradsretten blei Trans Salmon frifunnen fordi byretten fann at tapet skyldtes tilstanden til smolten da den blei teken om bord. Lagmannsretten fann at Trans Salmon hadde opptredt aktlaust. Den perforerte plata tilsa særleg varsemd med omsyn til veret. Lagmannsretten fann at ansvarsfråskrivinga på fraktbrevet ikkje var vedteken av Ishavssmolt. Retten tok ikkje stilling til spørsmålet om klausulen var i strid med sjøloven. I Høgsterett var saka avgrensa til spørsmåla om ansvarsfråskrivinga var vedteke og i forhold til sjøloven. Etter sjøloven § 254 første ledd er ein avtale om ansvarsfråskriving ugyldig for så vidt den vik av frå ansvarsreglane i sjølovens kapittel 13. Men er det "på grunn av godsets uvanlige beskaffenhet eller tilstand eller de særlige omstendigheter eller vilkår hvorunder transporten skal finne sted, rimelig" at det vert gjort slik avtale, er denne likevel gyldig, jf. § 254 fjerde ledd. Høgsterett fann at ansvarsfråskrivinga her ikkje fall innanfor ramma av sjøloven § 254 fjerde ledd, og at selskapet såleis ikkje hadde høve til å fråskrive seg det ansvaret selskapet var pålagt av lagmannsretten. Det blei i sær vist til at ein ved sjøloven av 1994 uttrykkeleg tok sikte på å avgrense det høvet reiaren hadde etter den tidligare sjøloven § 168 andre ledd til å fråskrive seg ansvar for levande dyr, herunder fisk. Transport av smolt var ei normal transportverksemd av ikkje umonaleg omfang, og ansvarsfråskrivinga kunne ikkje omfattas av den snevre unntaksregelen i sjøloven § 254 fjerde ledd. Høgsterett tok ikkje stilling til spørsmålet om det kunne vedtakas.

Til toppen