Krav om frådrag for forsikringspremie

11.10.2001, 2000/419, sivil sak, anke

Skatteloven av 1911 § 54 første ledd (skatteloven av 1999 § 13-1)

Norsk Agip AS (advokat Christian Bruusgaard) mot Staten v/Finansdepartementet (Regjeringsadvokaten v/ass. regjeringsadvokat Tolle Stabell)

Dommarar: Aarbakke, Stang Lund, Frisak, Rieber-Mohn, Smith

Norsk Agip As deltek i i olje- og gassproduksjonen på Ekofisk. Selskapet høyrer til det italienske ENI-konsernet. Det hadde for 1986 og 1987 forsikra partane sine i Ekofisk-installasjonane i Finas, som var ENI-konsernets "captive" forsikringsselskap for verksemd utanfor Italia. Finas var reforsikra dels i eit gjensidig selskap, dels i den vanlege forsikringsmarknaden.

I medhald av skatteloven av 1911 § 54 første ledd (skatteloven av 1999 § 13-1) førte Oljeskattestyresmaktene frådragsførte forsikringspremiar tilbake for ei rekkje år. For 1986 og 1987 blei det tilbakeført NOK 41 millionar, som førte til auka skatteplikter med ca. NOK 32 millionar. Avgjerda blei treft av Klagenemnda for oljeskatt, og den ordskurden blei brakt inn for domstolane med påstand om oppheving. Byretten gav selskapet medhald, mens lagmannsretten frifann staten. Lagmannsretten la monaleg vekt på at Norsk Agip AS ikkje hadde gitt nærare opplysningar om forsikringsopplegget under liknings- og klagebehandlinga. Høgsterett stadfesta dommen til lagmannsretten, men la til grunn at saka meir var ei gjennomskjeringssak enn ei bevissak. Høgsterett fann såleis at frådraga for forsikringspremiar hadde vore for høge, slik at inntekta til selskapet var "redusert". Høgsterett aksepterte at Klagenemnda hadde komme fram til dette ved i hovudsak å samanlikne Norsk Agip AS' premiar med dei premiane som var betalte av dei øvrige større deltakarane i Ekofisk. Eigentlege marknadspremiar for Ekofisk var ikkje tilgjengelege. Høgsterett aksepterte også Klagenemndas fastsetjing av tilbakeføringssummen, som var basert på eit breiare skjønnsgrunnlag.

Til toppen