Krav om skifte av uskifta bo

23.05.2001, sak nr. 2000/1471, sivil sak, anke

Arveloven § 21 andre leden

A (advokat Arne Meltvedt) mot C (advokat Lars A. Christensen)

Dommarar: Oftedal Broch, Gjølstad, Gussgard, Rieber-Mohn og Smith

Ektefellane A og B hadde ved testament fordelt den monalege arven sin mellom to av dei tre sønene. Ektemannen døydde, og hustrua tok over buet i uskifte. Ho overførte buets landeigedom til de to brørne som var tiltenkt arv i testamentet. Den tredje broren kravde offentleg skifte av buet med heimel i arveloven § 21 andre ledd, idet han ikkje hadde samtykt i det delvise arveoppgjeret og heller ikkje hadde fått "tilsvarande oppgjer", som ut frå overslaget hans over salsverdien til eigedomen på 4 mill. kroner, ville utgjere 2 mill. kroner.

Striden galdt forståinga av "tilsvarande oppgjer". Mor hans hadde tilbode han 200 000 kroner ut frå at hans pliktdelsarv etter arveloven § 29 første ledd andre punktum var 1 mill. kroner frå kvar av foreldra. Buet kunne totalt verdsetjas til 40 mill. kroner, og brørne hadde såleis - dersom hans eiga verdsetjing blei lagt til grunn - fått 10 % av sin arvelott gjennom overdraginga av landeigedomen. Ei utbetaling til han av 10 % av hans arvelott ville såleis vere tilsvarande oppgjer. Høgsterett kom, i likskap med dei tidlegare rettane, til at det er dei arvelottane som følgjer av avgjerdene i loven, som er avgjerande for kva som er "tilsvarande oppgjer". Det må sjås bort frå testamentet så lenge eit fullstendig skifte ikkje skal finne stad. Ordlyden i § 21 ga lite rettleiing i tolkinga, og spørsmålet var heller ikkje omtalt i førearbeida. Men reelle omsyn talte avgjerande mot å basere seg på testamentet. I så fall måtte heile buet verdsetjas for å kunne fastslå del-arveoppgjerets andel av totalarven. Dette kunne i seg sjølv vere mykje komplisert, men det ville heller ikkje gi rett svar. Lengstlevandes vidtrekkjande råderett til å disponere over uskiftebuet, inneber at verdien av buet kan endre seg vesentleg fram til det endelege skiftet. Dersom lovgivar hadde meint å innføre ei så komplisert regulering, ville det vore nærliggjande at den praktiske gjennomføringa var blitt omtalt i førearbeide. Anken kunne etter dette ikkje føre fram.

Til toppen