Narkotika blanda med druesukker

28.06.2001, 2001/215, straffesak, anke

§ 162 første ledd

A (advokat Ole A. Bachke jr.) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kari Lynne)

Dommere: Rieber-Mohn, Lund, Tjomsland, Stabel, Aasland

I byretten blei domfelte kjend skyldig bl.a. i brot på straffelovens § 162 første ledd - kjøp av ca. 46 gram amfetamin - og § 162 første ledd, jf. andre ledd - oppbevaring av ca. 150 gram amfetamin. Domfelte inngav fullstendig anke til lagmannsretten for så vidt han var dømd etter § 162 andre ledd.

Bakgrunnen for anken var at kjøpet av narkotika, som ikkje var omfatta av anken, etter analyse viste seg å gjelde vel 43 gram reint amfetaminsulfat. Etter å ha oppbevart dette i eitt døgn, blanda domfelte det ut med det legale stoffet druesukker slik at samla stoffmengd blei ca. 150 gram. Domfelte meinte da at han ikkje kunne dømmas for oppbevaring av meir enn dei vel 43 gram amfetaminsulfat, som retteleg skulle høyre heime under § 162 første ledd. Anken til Høgsterett over lagmannsrettens rettsbruk førte ikkje fram. Høgsterett fann at det i saka var tilstrekkeleg grunnlag for å prøve lagrettens lovbruk, sjølv om lagmannens rettsutgreiing ikkje var protokollert, jf. Rt. 1999 side 379. Det var ingen feil å dømme for oppbevaring av 150 gram amfetamin i dette tilfellet. Det blei vist til at domfelte ved eigen innsats hadde brakt fram eit større parti narkotika ved utblandinga, og at dette partiet blei råka av § 162 andre ledd. Iallfall måtte dette gjelde når partiet hadde ein styrkegrad på rundt 30 prosent, som ikkje er heilt uvanleg for amfetamin i omsetning. Uttalt at sjølv om saka berre hadde omfatta vel 43 gram reint amfetaminsulfat, så ville det å ha vore borti eit så sterkt stoff måtte høyre heime under § 162 andre ledd. At Høgsterett i Rt. 1999 side 1008 har heva grensa mellom § 162 første og andre ledd til ca. 50 gram amfetamin "av normal styrkegrad", er ikkje til hinder for ein slik subsumsjon. Anken over straffutmålinga ble teken til følgje, og straffa redusert frå fengsel i 1 år og 7 månader til 1 år og 3 månader.

Til toppen