Omsyn ved godtaking av anbod

30.08.2001, 2000/1135, sivil sak, anke

Anbodsrett jf. lov av 27. novenber 1992 nr. 116 om offentlige anskaffelser mv.

Møre og Romsdal fylkeskommune (advokat Odd Larhammer) mot Andresen Arkitektkontor AS mfl. (advokat Brynjulf Næss)

Dommere: Utgård, Oftedal Broch, Gjølstad, Gussgard, Smith

Saka gjaldt krav om skadebot for den positive kontraktsinteressa frå ein anbydar (Nucleus) som meinte seg forbigått i ein anbodskonkurranse. Høgsterett drøfta i dommen i kva grad Møre og Romsdal fylkeskommune hadde gjort feil ved anbodskonkurransen for nytt psykiatrisk senter ved sjukehuset i Ålesund, jf. forskrift av 1.juli 1994 nr. 540 om gjennomføring av EØS-avtalens vedlegg XVI punkt 5b om tildeling av kontrakter om offentlige tjenestekjøp.

Det vart lagt til grunn at det var gjort i alle fall tre feil. For det første hadde fylkeskommunen gitt ein av anbydarane - gruppa Tom Ottar - høve til å justere eitt element i anbodet, taket for kostnadene i fase 1, etter at anboda var kjende. For det andre hadde fylkeskommunen lagt vekt på at gruppa Tom Ottar hadde vore med på ein føregåande idèkonkurranse, og hatt føremoner i det. Og endeleg var det feil når fylkeskommunen hadde lagt vekt på at fleirtalet av medlemmene i gruppa Tom Ottar heldt til i Ålesund, i det fylkeskommunen ikkje hadde høve til å ta geografiske omsyn. Høgsterett la til grunn at det her var gjort vesentlege feil, og at fylkeskommunen måtte klandrast for desse. Deretter drøfta Høgsterett i kva grad det var grunnlag for ansvar for den positive kontraktsinteressa. Det vart her vist til utviklinga fram mot ein regelorientert tildelingsprosess for anbod. Likeins vart det vist til behovet for effektive sanksjonar mot brot på regelverket. Det vart også vist til rettsutviklinga i nokre andre land. Samstundes vart det peika på at anbodsreglane er vanskelege å praktisere, og at det er tenkjeleg at små feil kan føre til store tap. Høgsterett la til grunn at det må kunne krevjast skadebot ut frå den positive kontraktsinteressa. Det vart likevel sagt at det må vere eit visst rom for feil ved vurdering av anbod, både med omsyn til det faktiske grunnlaget og med omsyn til forståing av regelverket, utan at dette gir grunnlag for ansvar for den positive kontraktsinteressa. Utgangspunktet må vere at det er tale om ein vesentleg feil, der det må takast omsyn både til storleiken på feilen, typen av feil og kor mykje oppdragsgivaren er å leggje til last. Det må krevjast klar sannsynlegovervekt for årssakssamanheng. Høgsterett kom til at desse vilkåra var oppfylte i denne saka, og Nucleus vart tilkjent skadebot ut frå den positive kontraktsinteressa. Ved utmåling av skadebot vart denne fastsett ut frå oppdraget slik det faktisk vart gjennomført. For det første vart ein del av oppdraget der fylkeskommunen hadde teke atterhald om politisk godkjenning teke med, når slik godkjenning først vart gitt. Og for det andre vart kostnadene slik desse utvikla seg reint faktisk, teke med ved utrekning av tapet for eit oppdrag der honorar og seinare skadebot skulle reknast i prosent.

Til toppen