Politivald - sakshandsaming og straffutmåling

30.10.2001, 2001/165, straffesak, anke

straffeloven §§ 228 og 325

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Tormod Bakke)

Dommarar: Lund, Tjomsland, Bruzelius, Flock, Aasland

Ein polititenestemann blei i lagmannsretten funnen skyldig i brot på straffeloven § 228 - to tilfelle av valdsbruk overfor ein rusa person i samband med inntaking - og samtidig brot på § 325 andre ledd, til frådømming av stilling som overkonstabel. Ein meddommar røysta for frifinning.

Domfelte anka over sakshandsaminga og gjorde gjeldande at ein meddommar, som røysta for felling, hadde sove under delar av ankeforhandlinga. Høgsterett gav uttrykk for at det å vere uoppmerksam, ikkje alltid kan oppfattas som ein sakshandsamingsfeil. Kortvarige glipar i merksemda kan vanskeleg unngås, og det at dommaren er trøytt og må setje alt inn på å følgje med, er ingen sakshandsamingsfeil, så lenge han får med seg det som vert sagt og kan vurdere kva det har å seie i saka. Om det låg føre sakshandsamingsfeil, blei det ikkje funne grunn til å ta stilling til, da feilen ikkje under nokre omstende kunne ha påverka innhaldet i avgjerda. Domfeltes anke over straffutmålinga førte heller ikkje fram. Hans oppattekne valdsbruk var graverande. Den kunne ikkje unnskyldas eller forstås på bakgrunn av åtferda til krenkte.

Til toppen