Seksuell omgang med mindreårig

30.10.2001, 2001/468, straffesak, anke

straffeloven § 195 første ledd anndre straffalternativ

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Flock, Lund, Tjomsland, Bruzelius, Aasland

En 26 år gammal domfelt hadde hatt samleie med ei jente på 13 år og 8 månader. Straffa blei i heradsretten utmålt til fengsel i 1 år, og av det blei 10 månader gjort på vilkår. I lagmannsretten blei straffa skjerpt til fengsel i 1 år utan vilkår .

Høgsterett utmålte straffa til fengsel i 1 år, og av det blei 6 månader gjort på vilkår. Det straffbare forholdet fann stad før minimumstraffa blei heva til fengsel i 2 år. Ved straffutmålinga blei på den eine sida lagt vekt på at samleiet til domfelte med jenta fann stad etter kontakt på førehand via Internett, og at det såleis var eit resultat av vurderingar på førehand. På den andre sida blei det teke omsyn til at domfelte straks tilstod, og med det sparte den krenkte for belastninga i samband med straffesaka.

Til toppen