Skattlegging av aktiv eigars personinntekt i aksjeselskap.

18.06.2001, sak nr. 2000/887, sivil sak, anke

Skatteloven § 60, jf. § 61

A (advokat Øystein Andreas Sverre - til prøve) mot Staten v/Akershus fylkesskattekontor (Regjeringsadvokaten v/assisterende regjeringsadvokat Tolle Stabell)

Dommarar: Oftedal Broch, Flock, Rieber-Mohn, Matningsdal og Dolva

Ein mann åtte alle aksjane i HOB Oil AS. Firmaet mekla verdipapir - såkalla derivat - knytt til kjøp og sal av oljeprodukt. Som "aktiv eigar" i selskapet fekk han berekna personinntekt av likningsstyresmaktene etter skatteloven § 60, jf. § 61. For 1995 blei personinntekten sett til kr. 2 913 500, som var taket for berekna personinntekt etter lovendring 8. desember 1995 nr 73. Summen svara til 75 G.

Mannen påklaga likninga, idet han viste til at grunnlaget for den berekna person-inntekta var arbeidsinnsatsen hans i selskapet i 1994. Da var taket 34 G, tilsvarande kr 1 285 800. Han hevda at det var dette taket som måtte brukas, jf. Grunnloven § 97. I tråd med statens syn blei det lagt til grunn at inntekt først oppstod i 1995. Skattytar er bunden av den forma han har valt for å utøve verksemda si. Her knytte person-inntekta hans seg til overskotet i selskapet, som først kjem fram ved årets slutt. Deretter kan personinntekta til den aktive aksjonæren bereknas. Etter dette dreidde det seg om å gi lov-end-ringa tilbakeverknad innanfor same kalenderår. Det er langvarig praksis for at ein slik tilbakeverknad ikkje strid mot Grunnloven § 97. Høgsterett drøfta også om tilbakeverknaden ville komme i strid med § 97 dersom ein såg bort frå aksjeselskapsforma, og kom til same resultat. Det blei teke utgangspunkt i fråsegna frå plenumsdommen i Rt. 1996 side 1415 - Borthen - at det innanfor trygdelovgjevinga berre ville vere dei kvalifiserte eller openberre tilfelle av urimelegheit og urettferd som kan råkas. Også innan skattelovgjevinga ville dette vere eit rett utgangspunkt. I rimelegheitsvurderinga blei det halde fram at tilbakeverknaden i tid var moderat, at endringa var varsla i desember 1994, da departementet sette fram eit meir vidtgåande end-rings-framlegg og endeleg at endringa skjedde ut frå eit klart behov, slik dei politiske organa såg det. Stortingskomiteen konstaterte at i mange næringar, spesielt i dei liberale yrka, fan-tes marknadsavlønningar langt over taket på 35 G. Differansen mellom berekna person-inntekt og taket på 35 G framstod i slike tilfelle som eit reint skatteamnesti. Etter dette fann Høgsterett det klart at lovendringa ikkje streid mot Grunnloven § 97.

Til toppen