Søksmålskompetanse

23.11.2001, 2001/202, sivil sak, kjæremål

Tvistemålsloven § 54

Veivesenets Arbeiderforening (advokat Einar Stueland) mot Oslo kommune (Kommuneadvokaten i Oslo v/advokat Einar Gitlestad)

Dommere: Gussgard, Flock, Skoghøy, Matningsdal, Aasland

Samferdselsetaten i Oslo kommune avviste eit anbod frå forvaltningsbedrifta Oslo Vei på grunn av manglande garantistilling. Anbodet var det lågaste som var inngitt. Anbodskonkurransen blei avgjort ved at ein annan av anbydarane fekk oppdraget.

Av 427 tilsette i Oslo Vei, var 375 organisert i Veivesenets Arbeiderforening (VAF). VAF reiste sak med påstand om at det var urettkome å avvise anbodet. Det burde vore gitt høve til å rette feilen. Det blei også gjort gjeldande at Samferdselsetaten søkte å halde Oslo Vei utanfor i anbodssamanheng, og at dette hadde vore motiverande for avvisinga og i andre samband. Dette var usakleg forskjellsbehandling. Byretten og lagmannsretten avviste søksmålet på grunn av manglande rettsleg interesse, tvistemålsloven § 54. Kjæremålet frå VAF blei behandla av Høgsterett med munnleg partsforhandling etter vedtak av kjæremålsutvalet og Høgsterettsjustitiarius. Høgsterett fann det klart at saksøkinga galdt eit rettsforhold. Spørsmålet var om krava til søksmålssituasjonen og til saksøkars tilknyting til søksmålsgjenstanden var oppfylt. Når det galdt tilknytingsforholdet, var spørsmålet om ei fagforeining burde kunne gå til søksmål på dei tilsettes vegne når ei bedrift, som i denne saka, ikkje hadde eit slikt rettsleg sjølvstende at den kunne ivareta dei interessene som knytte seg til å få avvisinga kjent urettkomen. Det blei sett på som særs tvilsamt om § 54 opna for det, men spørsmålet blei ikkje avgjort. Det var ikkje gjort gjeldande at avvisinga isolert sett hadde hatt noko å seie for Oslo Vei eller arbeidstakarane, men det blei hevda at ein dom ville sette ein stoppar for forskjellsbehandling. Høgsterett stadfesta lagmannsrettens avvisingsorskurd, idet VAF ikkje hadde tilstrekkeleg aktuell interesse i søksmålet. Verknaden for framtida av ein dom i VAFs favør blei sett på som for hypotetisk til at VAF kunne gjevas søksmålskompetanse.

Til toppen