Straffeprosess - innførsel av narkotika

23.05.2001, sak nr. 2001/163, straffesak, anke

Straffeprosessloven § 91 og uskuldspresumsjonen i EMK art. 6 nr. 2.

A (advokat Tor Erling Staff) mot Den offentlege påtalemakta (advokat Kristian Nicolaisen)

Dommarar: Lund, Coward, Stabel, Matningsdal, Dolva

A, som i lagmannsretten blei dømd til fengsel i 13 år for innførsel av narkotika, anka over sakshandsaminga til lagmannsretten på fire punkt. Anken førte ikkje fram. A gjorde gjeldande

- at lagmannen etter ei vitneforklaring hadde stilt oppfølgjingsspørsmål til den straffsøkte som føresette at han ikkje forklarte seg rett og difor var i strid med kravet om at ein må vere upartisk, jf. straffeprosessloven § 91 og uskuldspresumsjonen i EMK art. 6 nr. 2, og dessutan var leidande. Høgsterett la til grunn at retten, som har ansvaret for saksopplysninga, ofte ikkje kan unngå å stille spørsmål til straffsøkte som føreset at straffsøkte kan ha forklart seg urett. Spørsmåla var også noko leidande. Men sjølv om dette bør unngås, kunne Høgsterett vanskeleg sjå det som ein sakshandsamingsfeil at retten kunne komme i skade for å stille nokre leidande spørsmål på eit avgrensa felt innanfor eit omfattande bevistema. - Påtalemakta hadde forsøkt å omgå regelen i § 296 om at vitne skal avhøyras muntleg for den dømmande retten ved å avhøyre eit vitne ved bevisopptak tolv dagar før hovudforhandlinga, at forsvarar difor hadde valt å utebli frå bevisopptaket, og at lagmannsrettens avgjerd om å lese opp forklaringa under hovudforhandlinga difor var urett. Vitnet, som ikkje hadde møteplikt for norsk rett, sa seg etter fåfengt å vere forsøkt avhøyrt for retten i utlandet, viljug til å møte og avgi forklaring for retten her. Høgsterett fann det naturleg at påtalemakta ønskte å sikre beviset så fort som mogleg, jf. straffeprosessloven - § 270, og fann ikkje haldepunkt for utsegna om omgåingshensikt. - at det var feil av lagmannsretten å tillate opplese forklaringa til det same vitnet, gitt til norsk politi i utlandet,. Høgsterett var einig med lagmannsretten i at det avgjerande for opplesingsløyve måtte vere at forsvararen var gitt høve til å møte ved det rettslege avhøyret i Noreg, der vitnet erklærte at ho stod ved politiforklaringa, og at det såleis også kunne ha vore stilt spørsmål i tilknyting til denne. - At lagmannsretten rettsbelæring på eit punkt som blei protokollert, var i strid med straffeprosessens prinsipp for bevisdømming. Høgsterett såg protokollatets innhald som temmeleg sjølvsagt og uttrykk for ei balansert haldning.

Til toppen