Tilbakesøking på ulovfesta grunnlag - condictio indebiti.

04.12.2001, 2001/409, sivil sak, anke

Slåtto Husbygg AS mot Sundre Borettslag

Dommarar: Utgård, Rieber-Mohn, Bruzelius, Mæland, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmålet om Sundre Borettslag kunne krevje tilbakebetalt ein pengesum som forretningsføraren for burettslaget -A - med urette hadde overført frå burettslaget sin bankkonto til Slåtto Husbygg AS sin bankkonto, til dekning av eit krav mot forretningsføraren sjølv.

A som var autorisert rekneskapsførar, var forretningsførar for Sundre Borettslag, og han hadde då full disposisjonsrett over bankkontoen til burettslaget. A var samstundes rekneskapsførar for eit byggjefirma, Slåtto Husbygg AS. Burettslaget og Slåtto Husbygg hadde ikkje noko samband seg i mellom. A hadde engasjert Slåtto Husbygg AS til å føre opp eit bustadhus for seg, og han kom i betalingsvanskar. Han sa til innehavaren av byggjeføretaket at han hadde fått banklån, og at han hadde betalt 150 000 kroner a konto. A overførde så 150 000 kroner frå burettslaget sin konto til Slåtto Husbygg sin konto, ved frammøte i banken og der han fekk med overføringsmeldingane til begge klientane, både burettslaget og byggjeføretaket. Pengane gjekk straks over mellom kontoane. Betalingsmeldinga var fylt ut med burettslaget som betalar, og med eit ikkje reelt fakturanummer. A fekk i banken med seg både kvitteringa til burettslaget og overføringsmeldinga til Slåtto Husbygg. I ettertid forfalska A namnet på betalaren på overføringsmeldinga til å vere seg sjølv. Høgsterett kom til at Slåtto Husbygg ikkje hadde ekstingvert retten til summen på 150 000 kroner. Fleirtalet - fire dommarar - tok utgangspunkt i situasjonen på overføringstidspunktet som var då pengane gjekk inn på Slåtto sin bankkonto. På dette tidspunktet var det ikkje noko ytre grunnlag for å seie at det hadde skjedd ei betaling frå A . Det kunne ikkje takast omsyn til at løysinga kunne vorte ei anna om pengane hadde vorte overførte på ein annan måte. Mindretalet - ein dommar - la til grunn at sjølv om pengane hadde gått direkte frå burettslaget sin konto til Slåtto Husbygg, var realiteten at A ved hjelp av si fullmakt hadde trekt summen ut av kontoen og nytta han til dekning av eiga gjeld. Hadde Slåtto vore klar over at pengane kom frå burettslaget sin konto men hatt grunn til å tru at A hadde rett til å rå over kontoen, måtte burettslaget ha teke tapet. Burettslaget fekk medhald i at pengane kunne søkjast attende etter ulovfesta reglar. Det kan ikkje byggjast på eit formelt condictio indebitiomgrep, men det må gjerast ei konkret vurdering for kvart tilfelle under omsyn til kva som er rimeleg, jf. Rt. 1998 side 989 (Fearnley & Eger). Det talar då sterkt for tilbakesøking at overføringa skjedde ved ei kriminell handling. I same retning tala det at det ikkje i det heile låg føre betalingsplikt for burettslaget. Burettslaget hadde heller ikkje handla aktlaust ved å gi forretningsføraren fullmakt til å disponere over bankkontoen. Innehavaren av Slåtto Husbygg hadde vore i god tru. Men føretaket kunne ikkje gjere gjeldande å vere i god tru når trua kvilte på at rekneskapsføraren i ettertid hadde forfalska betalingsmeldinga. Høgsterett drøfta tidsmomentet, men kom til at dette ikkje tilsa at tilbakebetaling måtte nektast.

Til toppen