Valdtekt, vald og truslar mot tidlegare kjærastar mv.

13.03.2001, Saknr. 2000/1426, straffesak, anke

Straffelova § 39 nr. 1 bokstavane a-f

A (advokat Ole A. Bachke jr.) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs)

Dommere: Utgård, Bruzelius, Gjølstad, Flock, Smith

Saka gjaldt utmåling av straff og om det skulle givast fullmakt til sikring. A er i dag 41 år gammal. Han er fødd i Irak, og flykta derifrå i 1991. Etter å ha vore i flyktningleir kom han 2. september 1997 til Noreg som kvoteflyktning frå FN. Han busette seg i X. A vart i heradsrett og lagmannsrett funnen skuldig i alvorlege strafflagde handlingar ved i alt 14 ulike høve i perioden 26. september 1997 til 30. september 1999. Handlingane omfatta eitt tilfelle av valdtekt, to tilfelle av truslar mot offentlege tenestemenn, ni tilfelle av truslar mot andre, i alt seks tilfelle av lekamskrenkingar, eitt innbrot og to tilfelle av krenking av besøksforbod.

Det mest alvorlege tilhøvet gjaldt valdtekt mot ei kvinne han hadde hatt eit forhold til, og dels budd saman med, den 30. september 1999. Denne kvinna hadde då akkurat inngått ekteskap. Det vart nytta grove truslar og grov vald mot kvinna. Han var også domfelt for ved eit anna høve å ha sett fram alvorlege truslar mot kvinna og for at han då slo henne gjentekne gonger i hovudet med knytt hand og likeins slo henne i hovudet og over øvre delen av ryggen med eit belte. Flesteparten av overgrepa retta seg mot ei anna kvinne, som han også hadde vore kjæraste med. Det var tale om lekamskrenkingar og truslar. Lagmannsretten - fleirtalet - hadde sett straffa til fengsel i 4 år, utan fullmakt til sikring. Eit mindretal på tre dommarar hadde røysta for fengsel i 3 år og tre månader. Høgsterett viste til at rettspraksis i den seinare tid har skjerpa straffa for valdtekt. For vald og truslar mot kvinnene vart det vist til at det var ei viss rettleiing i dommen i Rt. 2000 side 1458. Ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering, der det vart teke omsyn til at det vart gitt fullmakt til sikring, sette Høgsterett straffa til fengsel i 3 år og 6 månader. Det vart gitt fullmakt til sikring etter straffelova § 39 nr 1 til sikringstiltaka under bokstavane a - f for eit tidsrom av opptil 5 år. Høgsterett kom som lagmannsretten hadde gjort, til at vilkåret om mangelfulle eller varig svekte sjelsevner var oppfylt. Høgsterett kom også til at risikoen for at domfelte på ny vil gjere tilsvarande handlingar var så kvalifisert at det burde nyttast sikring. Domfelte hadde i heile tida frå han kom til landet og til han vart pågripen, regelmessig stått for strafflagde handlingar. Det vart også peika på at domfelte mangla evne til å sjå si eiga rolle i sakene og at han hadde dårleg styring av impulsar.

Til toppen