Forbodet mot dobbeltstraff

08.06.2004, HR-2004-00997-A, (sak nr. 2003/1640), straffesak, anke
EMK protokoll 7 artikkel 4 nr. 1
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (ass. riksadvokat Hans-Petter Jahre)
Lund, Rieber-Mohn, Støle, Bruzelius, Aasland

Saka galdt spørsmålet om ei straffesak skal avvisas fordi den tiltala med heimel i straffegjennomføringsloven § 42 femte ledd blei nekta prøvelauslating under tilvising til tiltalevedtaket, jf. protokoll 7 artikkel 4 nr.1 til Den europeiske menneskerettighetskonvensjon - EMK. Saka galdt også straffutmåling for falsk anklage og falsk forklaring.

A blei dømd til fengsel i tre år for narkotikakriminalitet. Han blei i mars 2002 sett inn til soning av dommen. A søkte om prøvelauslating etter soning av to tredjedelar av straffa. Søknaden avslått under tilvising til at A var sett under tiltale for falsk anklage og falsk forklaring. A gjorde for Høgsterett gjeldande at tiltalen må avvisas fordi han gjennom vedtaket om å nekte prøvelauslating er endeleg dømd for dei straffbare handlingane tiltalevedtaket gjeld. Han fekk ikkje medhald. Med utgangspunkt i EMKs praksis la Høgsterett til grunn at nektinga av prøvelauslatinga, på grunn av innhaldet i sanksjonen og alvoret og den direkte tilknytinga til tiltalevedtaket, var straff/strafforfølgjing etter EMK artikkel 6. På bakgrunn av Høgsteretts seinaste praksis, som retten nå fann det vanskeleg å fråvike, blei det vidare lagt til grunn at det dimed også var tale om strafforfølgjing etter protokoll 7 artikkel 4 nr. 1. Ut frå den ulike karakteren av føresegnene i straffeloven §§ 168 og 166 og straffegjennomføringslovens § 42 femte ledd med forskrifter og tilknytta retningslinjer, såg Høgsterett det som nærliggjande at det er tale om forskjellige tilhøve, men såg ikkje bort frå at den motsette løysinga kunne følgje av systemet i EMK. Men under alle omstende fann Høgsterett at A ikkje gjennom nektinga av prøvelauslating var endeleg dømd for dei tilhøve tiltalevedtaket femnar om. Éin dommar hadde ein særmerknad om at nektinga av prøvelauslating etter hans syn ikkje var straffeforfølging etter EMK artikkel 6. A var i lagmannsretten dømd til fengsel i sju månader. Den falske skuldinga han blei dømd for, galdt tilknyting til ca. 50 gram heroin, den falske forklaringa at han hadde gitt ein person urett alibi for eit drap. Høgsterett kom til at straffa etter omstenda kunne gjeras på vilkår. I tillegg til den tida som var gått sidan dei straffbare handlingane, ca. tre år, blei det lagt vekt på at A i mellomtida hadde sona den tidlegare dommen på tre års fengsel for narkotikabrotsverk og at han blei nekta prøvelauslating i 117 dagar med grunnlag i tiltalevedtaket.
Til toppen