Fridomstap - alvorleg lekamsskading/særs skjerpande omstende

08.09.2004, HR-2004-01488-A, (sak nr. 2004/936), straffesak, anke
Straffeloven § 229 første og andre straffalternativ jf. § 232
A (advokat Arne Meltvedt), B (advokat Erling O. Lyngtveit), C (advokat Berit Reiss-Andersen, D (advokat Arve Opdahl) mot Den offentlege påtalemakta (statsadv. Per Morten Schjetne)
Matningsdal, Mitsem, Stabel, Gussgard, Gjølstad

A, B og C var i tingretten og lagmannsretten dømde til fengsel i fire år for lekamsskading etter straffeloven § 229 første og andre straffalternativ jf. § 232 kombinert med fridomstap som førte med seg uvanleg smerte. D, som hadde spela ei mindre sentral rolle enn dei tre andre, var for dei same tilhøva dømd til fengsel i to år og seks månader.

Den krenkte blei 17. juli 2002 etter midnatt oppsøkt i X sentrum av ein kjenning som lokka han til å bli med til eit småbruk som låg eit stykke utanfor byen. Ved framkomsten blei han straks overmanna og påsett handjern. Deretter blei han sparka og slått nærast kontinuerleg i 6 ½ time før han i forslått tilstand blei kjørt heim til bustaden - den første delen av turen plassert i bagasjerommet til bilen. Under heimturen blei han også truga og tvungen til å love å skaffe til vegar kr 500 000 i laupet av nærmaste døgn. Mishandlinga hadde karakter av "en meget sadistisk tortur". Høgsterett forkasta ankane til dei dømde.
Til toppen