Innehaving av barnepornografi, straffutmålinga

05.02.2004, HR-2004-00248-A, (sak nr. 2003/1458), straffesak, anke
Straffeloven § 204 første ledd bokstav d
A (advokat Morten Kjensli) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kim Ellertsen)
Stabel, Støle, Matningsda, Rieber-Mohn og Lund

Spørsmål om innehaving av 34 bilete og ein videosnutt med barnepornografisk innhald kunne gi grunnlag for ein reaksjon på vilkår.

A hadde i perioden august 1998 til juli 1999 lasta ned barnepornografi i form av 34 fotografi og ein videosnutt som varte ca eitt minutt. Materialet var teke frå ein amerikansk nettportal, der han i alt ni gonger hadde vore inne mot ein månadleg betaling på 29 dollar. Han oppbevarte materialet på ein diskett. Tilhøvet blei oppdaga gjennom sporing av kredittkort i august 2002, og etterforskinga viste at filene ikkje hadde vore opna sidan mai og august 2000. Han tilstod tilhøvet, og fekk i tingretten ein dom på fengsel i 20 dagar. Lagmannsretten kom etter anke til same resultat. Han anka til Høgsterett og gjorde gjeldande at straffa burde gjeras på vilkår. Fleirtalet i Høgsterett - tre dommarar - kom til at anken måtte forkastas. Sjølv om materialet var lite, og det ikkje var snakk om vidare distribusjon, var innhaldet svært grovt. Det blei vist dels små barn i seksuell omgang med vaksne, penetrering i ulike kroppsopningar og sædavgang på barna. Det blei også lagt vekt på at materialet var henta inn mot betaling gjentekne gonger, og at dette bidrog til å oppretthalde ein marknad. Mindretalet - to dommarar - røysta for at fengselsstraffa skulle gjeras på vilkår, med ei vilkårslaus bot på 10 000 kroner.
Til toppen