Innførsel av 699 gram heroinblanding.

16.04.2004, HR-2004-00719-A, (sak nr. 2004/247), straffesak, anke
Straffelova § 162, 1. og 2. ledd, jf. 5. ledd
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal)
Utgård, Gussgard, Rieber-Mohn, Støle og Aasland

A innførte 699 gram heroinblanding med fly frå Amsterdam til Torp. Han tok dette stoffet med seg skjult i ei dokumentmappe. Innhaldet av heroin vart fastsett til å vere minst 5 prosent. A var ein rein kurer. Både tingretten og lagmannsretten fann A skuldig i innførsel, og straffa vart av begge rettane sett til fengsel i 4 år og 6 månader.

Høgsterett viste til at kvantumet var så stort som 699 gram. Det måtte likevel verke inn på straffeutmålinga at heroinblandinga ikkje hadde høgare styrkegrad enn 5 prosent, jf. Rt. 2003 side 1082 og tilsvarande dom for amfetamin i Rt. 2003 side 1156. Kvantumet på 699 gram måtte sjåast i lys av den låge styrkegraden. Høgsterett minte om at det er mange moment i straffutmålinga i ei slik sak, og at det på ingen måte er tale om eit reknestykke over mengda rein heroin. Det vart likevel gjort ei omrekning, i dette tilfellet til 35 gram rein heroin, alternativt 70 gram heroinblanding med styrkegrad 50 prosent. Med dette utgangspunktet vart det vist til to dommar som gjaldt oppbevaring, som rett nok må vurderast mildare enn innførsel. Dommane var Rt. 2002 side 1065 som gjaldt omrekna 60 prosent rein heroin med ei straff for narkotikabrotsverket vurdert til "i overkant av fengsel i 4 år" og Rt. 2003 side 118 som gjaldt omrekna 51 gram rein heroin med ei straff av fengsel i tre år. Straffa for A kunne synest noko streng samanlikna med desse dommane, også når det vart teke omsyn til samla mengde. Høgsterett tok også noko omsyn til at domfelt snart er 76 år. Når det ikkje vart lagt særleg stor vekt på det, var det særleg fordi A i 1998 var dømt til fengsel i 4 år i Tyskland for innførsel av heroin. Omstende som gjeld domfelte si helse, må vurderast av kriminalomsorga under fullføringa av straffa. Høgsterett sette etter dette straffa til fengsel i 4 år.
Til toppen