Lekamskrenking/lekamsskading - samfunnsstraff

15.06.2004, HR-2004-01058-A, (sak nr. 2004/532), straffesak, anke
Straffelova §§ 228 og 229
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jogeir Nogva) mot A (advokat Jan Tollefsen)
Utgård, Gussgard, Flock, Støle og Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om bruk av samfunnsstraff ved domfelling for lekamskrenking og lekamsskading, jf. straffelova §§ 228 og 229. Domfelte var funnen skuldig i lekamsskading etter at han hadde slege ned ein person, som han meinte hadde "bølla" med seg tidlegare på kvelden på eit samfunnshus. Den krenkte fekk slått ut to framtenner. Domfelte skalla nokre månader seinare til ein person som domfelte egla seg inn på, slik at vedkomande starta å blø naseblod, og vart då dømt for lekamskrenking. I begge tilfella var det tale om hendingar utanfor ein pub og i samband med stort inntak av alkohol.

I tingretten var straffa sett til fengsel i 30 dagar, som fleirtalet - meddommarane - meinte burde givast på vilkår. Lagmannsretten fastsette straffa til samfunnsstraff i seksti timar, med ei subsidiær fengselsstraff på 60 dagar. Høgsterett uttala at det må vere eit klårt utgangspunkt at det ikkje blir gitt dom på samfunnsstraff ved lekamsskading. Dette måtte i særleg grad gjelde når domfelte, som her, etter å ha fått forkynt ei sikting for lekamsskading, deretter gjorde seg skuldig i ei ny, nokså lik handling. Opplysningane i saka underbygde at domfelte hadde hatt ein svært vanskeleg oppvekst, sjølv om han dei siste tre åra hadde kome i ordna tilhøve. Høgsterett uttala at ein vanskeleg oppvekst ikkje kan gi grunnlag for samfunnsstraff for handlingar som her. Domfelte mangla få dagar på å vere fylt 19 år ved den første handlinga, og at han var såleis i ein alder der han måtte ta det fulle ansvaret. Høgsterett fann etter dette at det måtte fastsetjast ei straff på fengsel utan vilkår. Det vart uttala at straffa i eit tilfelle som dette til vanleg vil liggje i området 90 til 120 dagar. Dommarane i dei tidlegare rettane har på grunnlag av at domfelte vedgjekk straffeskuld og etter beinveges provføring kome til at straffa burde setjast lågare, sjølv om dette i lagmannsretten var som subsidiær fengselsstraff. Det var i liten grad provføring om straffutmålinga i Høgsterett. Straffa vart i samsvar med påstanden frå aktor sett til fengsel i 60 dagar.
Til toppen