Nekting av prøvelauslating

08.06.2004, HR-2004-00998-A, (sak nr. 2004/102), straffesak, anke
EMK protokoll 7, artikkel 4
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (ass. riksadvokat Hans-Petter Jahre)
Bruzelius, Lund, Rieber-Mohn, Støle, Aasland

Spørsmål om nekting av prøvelauslating etter gjennomføring av to tredjedelar av straffa sperra for seinare straffesak mot vedkommande, jf. EMK Protokoll 7 artikkel 4 nr. 1. Nektinga var grunngjeven med gjentakingsfare på grunn av ny tiltale for fleire alvorlege straffbare tilhøve.

A sona ein dom på fengsel i to år for narkotikabrotsverk, da han blei sett under tiltale for fleire straffbare tilhøve, blant anna tre tilfelle av valdtekt og eit valdtektsforsøk, trugsmål, tjuveri, bedrageriforsøk, oppbevaring av narkotika, heleri. Han blei i tingretten dømd til fengsel i seks år, og lagmannsretten, som avgjorde provvurderingsanken hans, kom til same resultat. I anken til Høgsterett blei som sakshandsamingsfeil gjort gjeldande at straffesaka skulle ha vore avvist ettersom vedtak i kriminalomsorga om å nekte lauslating etter gjennomføringa av to tredjedelar av den straffa som tidlegare var gitt, sperra for den nye saka. Saka blei behandla saman med bl.a. sak nr. 2003/1640, der Høgsterett la til grunn at nekting av prøvelauslating med heimel i straffegjennomføringsloven § 42 femte ledd ikkje sperrar for ei seinare straffesak, og anken blei for så vidt forkasta. A hadde sona heile den tidlegare narkotikadommen, og forsvararen gjorde gjeldande at nektinga var eit varetektssurrogat og at han difor måtte gis frådrag - dag for dag - i fengselsstraffa for den tida han sona etter to tredjedels tid. Lagmannsretten hadde late dette tilhøvet ha eit skjønnsmessig utslag i straffutmålinga, og Høgsterett slutta seg til ein slik tilnærmingsmåte. Domfellinga for éi av valdtektene blei oppheva fordi svaret til lagretten på hovudspørsmål og eit etterfølgjande tilleggsspørsmål seg imellom var motstridande og sjølvmotseiande. Straffa blei etter dette fastsett til 5 år og 6 månader.
Til toppen