Opplesing av politiforklaring frå vitne

08.06.2004, HR-2004-00974-A, (sak nr. 2004/322), straffesak, anke
straffeprosessloven § 297 og EMK artikkel 6 nr. 1 og nr. 3 bokstav d
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Terje Nybøe)
Bruzelius, Tjomsland, Stang Lund, Støle, Schei

Saka galdt om det var ein sakshandsamingsfeil at lagmannsretten i ei større narkotikasak tillet opplesing av politiforklaring frå eit vitne som ikkje var til stades, jf. straffeprosessloven § 297 og EMK artikkel 6 nr. 1 og nr. 3 bokstav d.

A var éin av fem tiltala i ei sak om innførsel og oppbevaring av bl.a. 9,6 kg amfetamin. Ein av dei andre tiltala hadde i ei politiforklaring gitt opplysningar som førte til at A blei sikta og etter kvart tiltala i saka, for innførsel av stoffet. Den andre tiltala møtte ikkje til hovudforhandlinga i tingretten og saka mot han blei utsett. Aktor las opp eit brev frå han der han uttala at A ikkje var innblanda i saka, og kravde deretter opplesing av politiforklaringa. A blei dømd i samsvar med tiltalen til fengsel i åtte år, og anka til lagmannsretten. Anken blei tilvist til hovudforhandling. Også i lagmannsretten kravde aktor opplesing av politiforklaringa, og dette blei tillate av lagmannsretten. Dommen i tingretten blei oppretthalden. A anka til Høgsterett over sakshandsaminga og straffutmålinga. Sakshandsamingsanken blei tillaten fremma for så vidt galdt opplesinga av politiforklaringa. Høgsterett kom til at dommane med hovudforhandlingar i lagmannsretten og tingretten måtte opphevas på grunn av sakshandsamingsfeil. Uttala at ein ikkje kunne sjå bort frå at det låg føre ei reell moglegheit for at opplesinga kunne ha vore avgjerande ved den samla provvurderinga. Politiforklaringa utfylte og bekrefta det biletet som blant anna utskrifter av mobiltelefonbruken viste. Den gjorde avgjerdsgrunnlaget sikrare. Om A også ville ha blitt dømd utan opplesing, var ein hypotetisk situasjon som det var vanskeleg å ha noka sikker meining om.
Til toppen