Premiar i radioprogram - meirverdiavgift på premiar

28.04.2004, HR-2004-00795-A, (sak nr. 2004/10), sivil sak, anke
merverdiavgiftsloven § 10 første ledd, § 13 annet ledd nr 8, § 22 første ledd nr. 3 (1994/1995)
P4 Radio Hele Norge ASA (advokat Kåre Idar Moljord) mot Staten v/Finansdepartementet (advokat Asle Bjelland)
Gussgard, Stang Lund, Støle, Matningsdal, Aasland

Spørsmål om berekning av meirverdiavgift i samband med premiar som lydarar på P4 Radio Hele Norge ASA (P4) hadde fått, og som var leverte av annonsørar. Klagenemnda for meirverdiavgift hadde stadfesta vedtak om å berekne utgåande meirverdiavgift (mva) på verdien av premiar som annonsørar hadde levert i samband med promoteringsaktivitetar i P4 - oftast konkurransar. Premiane blei rekna for å vere vederlag for den reklameytinga som P4 gav annonsørane i samband med konkurransane. Reklamen bestod dels i at annonsøren blei namngjeven før og etter aktivitetane, intro- og outrospottar, dels i at programleiarane omtala annonsøren i redaksjonell tid. Det blei også oftast laga lydinnslag som var spela inn på førehand, premiejinglar, som fortalde kva slag premiar lydarane hadde vunne.

For Høgsterett nekta P4 at omtalen i redaksjonell tid og premiejinglane var reklame etter meirverdiavgiftloven. Annonsøren hadde betalt for intro- og outrospottane med tillegg av mva, men å ta betalt for den øvrige omtalen streid mot den redaksjonelle integriteten. Etter synet til kanalen låg det føre avgiftspliktig uttak for annonsøren, ikkje ei avgiftspliktig reklameteneste frå P4. Subsidiært gjorde P4 gjeldande at premiane ikkje var vederlag for reklametenestene, og at desse dermed ikkje var omsette. Dersom mva skulle betalas, blei det kravd frådrag for inngåande avgift. P4s utsegner førte ikkje fram i nokon instans. Premiane blei rekna som ei yting til den totale omtalen som annonsøren fekk i samband med promoteringsaktivitetane. Premiane blei vurderte skaffa av P4 til bruk som gåve eller til reklameføremål, og det var da ikkje frådragsrett, jf. mva-loven § 22 første ledd nr. 3.
Til toppen