Samleie med jente under 14 år

30.04.2004, HR-2004-00803-A, (sak nr. 2004/371), straffesak, anke
straffeloven § 195 første ledd andre straffalternativ og § 229 første ledd
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)
Støle, Matningsdal, Gussgard, Stang Lund, Aasland

Saka galdt straffutmåling ved brotsverk mot straffeloven § 195 første ledd andre straffalternativ, der ein 20 år gammal mann hadde samleie med ei jente på 13 år og 9 månader, samt brotsverk mot straffeloven § 229 første ledd og brot på drukkenskapsloven § 17.

A var i tingretten dømd til ei straff av fengsel i 2 år og 1 månad, av det 1 år og 4 månader på vilkår med ei prøvetid på 2 år. Lagmannsretten gjorde den endringa at den delen av straffa som var på vilkår, blei sett til 1 år og 8 månader. Påtalemakta anka over straffutmålinga til Høgsterett, og la ned påstand om at straffa skulle setjas som i tingrettens dom. Høgsterett kom samrøystes til at anken måtte takas til følgje. Lengda på fengselsstraffa blei fasthalden - 2 år og 1 månad. Det låg føre omstende i saka som gjorde det forsvarleg å seie deldom.Men eit fleirtal på fire dommarar fann at den delen av fengselsstraffa som var på vilkår, måtte setjas høgare enn det som følgde av påstanden til aktor, og sette den vilkårslause delen til 1 år. Det blei vist til Rt. 2003 side 128, der det med tilvising til førearbeida til lovendringa 11. august 2000 nr. 76, blei uttala at lengda på minstestraffa til vanleg skal målas ut som ei fellesstraff utan vilkår, og at det berre unntaksvis kan vere tale om å bøte på urimelege resultat av minstestraff med ein deldom. Saka skilde seg både frå avgjerdene i Rt. 2003 side 128 og Høgsteretts dom 19. januar 2004, der straffa blei sett til fengsel utan vilkår i kvar for seg 2 år og 1 månad og 2 år, og frå avgjerdene i Rt. 2002 side 785 og Rt. 2002 side 1350, som galdt kjærasteforhold. Mindretalet røysta for at delen utan vilkår skulle setjas til 9 månader i samsvar med påstanden til aktor, og la blant anna vekt på at begge høyrde til eit ungdomsmiljø og at det ikkje dreidde seg om noka planlagd utnytting av den krenkte.
Til toppen