Seksuell omgang med 9 år gammal jente

12.03.2004, HR-2004-00518-A, (sak nr. 2004/168), straffesak, anke
Straffeloven § 195 første ledd første punktum og andre ledd bokstav c
I. A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tor Christian Carlsen) og II. Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tor Christian Carlsen) mot A (advokat Arne Meltvedt)
Coward, Flock, Stabel, Bruzelius og Gjølstad

Den dømde var funnen skyldig i tre gonger å ha hatt seksuell omgang med ei jente på vel 9 år som var dotter til venninna hans. Handlingane bestod i at jenta masturberte han.

Tingretten fastsette straffa til fengsel i eitt år og seks månader, mens lagmannsretten etter anke over straffutmålinga frå både den dømde og påtalemakta skjerpte straffa til fengsel i eitt år og ni månader. Den dømde anka til Høgsterett over straffutmålinga, og påtalemakta anka imot. Ved straffutmålinga for Høgsterett kom det inn på den eine sida at straffa var ei fellesstraff med ei resttid på 45 dagar frå ein tidlegare dom for blant anna fleire tilfelle av blotting, på den andre sida at den dømde kort før behandlinga i Høgsterett hadde fått ein tilståingsdom på fengsel i fem månader for ei rekkje tilfelle av blotting mv. Ingen av ankane til Høgsterett førte fram. Høgsterett var einig med lagmannsretten i at den dømdes personlege problem måtte komme i bakgrunnen ved straffutmålinga. Høgsterettsavgjerder frå 1990-åra gav eit klart inntrykk av eit lågare straffenivå enn det dommen i lagmannsretten innebar. Men i tråd med intensjonane til lovgjevaren har Høgsterett i dei seinare åra skjerpt straffenivået ved alvorlegare seksuelle overgrep mot barn, og straffutmålinga til lagmannsretten måtte seias å samsvare godt med dette.
Til toppen