Spørsmål om skattefridom for sluttvederlag

05.02.2004, HR-2004-00246-A, (sak nr. 2003/958), sivil sak, anke
Skatteloven av 1999 § 5-15 første ledd bokstav a
A (advokat Mons Alfred Paulsen) mot Staten v/Hordaland fylkesskattekontor (advokat Rolf Husebø=
Matningsdal, Rieber-Mohn, Støle, Stabel og Lund

I samband med nedbemanninga i Posten blei det hausten 1997 gjort ein tariffavtale mellom Posten Norge og Postfolkenes Fellesforbund om at dersom tilsette som hadde blitt overtalige, og som stod utan jobbtilbod, aksepterte å seie seg opp sjølv, kunne dei ta imot eit sluttvederlag som svara til ni månaders regulativlønn. Tariffavtalen var gjort med heimel i delegasjon frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet etter § 64 andre ledd i lov om statens postselskap, som galdt da, og med samtykke på førehand frå LO-Stat, Akademikernes Fellesorganisasjon, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat og Norges Lærerlag.

Hausten 1999 blei det klart at A, som da var 38 år gammal, blei overtalig i den stillinga han hadde som kundebehandlar ved Fyllingsdalen postkontor i Bergen. Han aksepterte å seie seg opp med verknad frå 1. november 1999, og fekk deretter utbetalt kr 36 655 i 1999 og kr 128 293 - til saman kr 164.948. Etter skatteloven § 5-15 første ledd bokstav a er "sluttvederlag som etter overenskomst mellom hovedorganisasjoner for arbeidstakere og arbeidsgivere blir utbetalt arbeidstakere ved oppsigelse" ikkje skattepliktig. Den aktuelle føresegna blei innført i 1969, og hadde bakgrunn i ein avtale frå 1966 mellom LO og NAF om sluttvederlag til arbeidstakarar over 50 år, som hadde vore tilsette i bedrifta i over 10 år, og som utan eiga skuld blei oppsagde frå stillinga si. Skattefritaket blei noko utvida i 1975. Avtalen mellom LO og NHO, som galdt i 1999, kravde fortsatt at arbeidstakaren var minst 50 år, og høgste utbetaling ved fylte 62 år var kr 57 000. Høgsterett kom til at vilkåret "ved oppsigelse" også femnar om arbeidstakars ufriviljuge oppseiing i ein nedbemanningssituasjon. Det andre vilkåret - "overenskomst mellom hovedorganisasjoner for arbeidstakere og arbeidsgivere" - var derimot ikkje oppfylt. "Hovedorganisasjoner" måtte normalt vere avgrensa til landsomfemnande organisasjonar som representerer store grupper av arbeidstakarar organiserte i fleire fagforeiningar, og som spelar ei viktig rolle i arbeids- og samfunnslivet. At partane var knytte til slike organisasjonar, var ikkje tilstrekkeleg. Høgsterett kom etter dette - som tingretten og lagmannsretten - til at det aktuelle sluttvederlaget var skattepliktig.
Til toppen