Straffutmåling - forsikringsbedrageri

13.09.2004, HR-2004-01506-A, (sak nr. 2004/843), straffesak, anke
Straffeloven § 272, 1. ledd, straffel. § 171 nr. 1 og straffel. § 183
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jarle Golten Smørdal)
Bruzelius, Mitsem, Stabel, Oftedal Broch, Gjølstad

A meldte i juli 2002 til politiet at ho var blitt fråstolen eller hadde mista eit armbandsur og to ringar. I byrjinga av september s.å. sette ho fram krav overfor forsikringsselskapet sitt om erstatning med kr 49 500 for gjenstandane. Men ho tok etter kort tid kontakt med sakshandsamar i selskapet og meldte at tingane var komne til rettes, og i eit møte i slutten av september i selskapet tilstod ho forsikringsbedrageriet.

Den dømde hadde alt i februar 2002 utvida verdigjenstandsforsikringa si med kr 25 600 på grunnlag av eit sertifikat for ein ring som ho ikkje åtte, slik at pålydande for forsikringa var kr 51 300. A blei i tingretten dømd til samfunnsstraff i 60 timar. Etter anke frå påtalemakta fastsette lagmannsretten straffa til fengsel i 60 dagar, av dei blei 30 dagar gjort på vilkår. A anka over straffutmålinga til Høgsterett, som endra straffutmålinga til samfunnsstraff i 60 timar. Det er i dommen vist til at sjølv om summen i saka ikkje var moderat, jf. Rt. 2003 side 1464, og sterke allmennpreventive omsyn gjer seg gjeldande ved forsikringssvik, kan samfunnsstraff nyttas i visse tilfelle. Det blei lagt avgjerande vekt på at den dømde tok kontakt med forsikringsselskapet og trekte tilbake erstatningskravet sitt før ho kjende til at selskapet hadde mistanke om forsikringssvindel, jf. straffeloven § 59 første ledd. Det blei vidare lagt vekt på at saka trass i As reservasjonslause tilståing og samtykke til at saka blei avgjort som tilståingssak, blei liggjande ubehandla hos politiet i 10 månader, og at dette var ei uturvande belasting.
Til toppen